mandag 4. februar 2013

Marmorkake

Dette er ei litt gammaldags kake som var i den gamle kokeboka for heimkunnskap.  Med nytt fag, mat og helse, datt den ut.  Det er ikkje sunt med slike formkaker, men alternativet er kanskje pulverkaker, eller kakemix om ein vil, og då ser ein ikkje kva  kakene er laga av.  Det å røre smør og sukker er også ein teknikk ein kan lære seg.  Kaka er alltid populær å ta med heim!


150 g margarin
150 g sukker

 2 egg

1 ¼ dl mjølk

225 g kveitemjøl
1 ts bakepulver


Slik gjer vi:

1.     Set omnen på 175 grader.

2.     Smør og strø ei avlang form. Ha gjerne bakepapir i botnen.

3.     Rør sukker og margarin kvitt.

4.     Ha i egga - eitt om gongen. 

5.     Rør inn mjølk og mjøl (blanda med bakepulver) vekselvis.

6.     Bland saman i ei mellomstor skål:

2 ms sukker

2 ms kakao

2 ms mjølk

1 ts vaniljesukker.

     7.  Ha 1/3 av røra i kakaoblandinga og rør til jamn røre.

8.     Ha først halvparten av den lyse røra, så den mørke røra og til slutt resten av den lyse røra.

9.     Dra ein gaffel langs midten av forma for å lage marmormønster.

10.  Steik kaka i ca 45 minutt.

2 kommentarer:

  1. Takk for tipset.
    Igrunnen tek det ikkje så mykje ekstra tid å lage frå botnen av...
    Eg må vedgå at eg av og til kjøper Browniesmixen.
    Har eit barnebarn med eggallergi så eg unngår egg og har litt ekstra smør, eller ein liten skvett fløyte i staden.
    Det er favoritten hans.
    Har ikkje funne oppskrift som er like god.

    SvarSlett
  2. Eg har hatt elevar med glutenintoleranse. Då synest eg det er greitt for dei rundt å kjøpe kakemix. Då har den personen erfaring med kaka. Ein kan ikkje vente at alle rundt ein til alle selskap kjøper inn mange inrediensar og set seg inn i saka. Det same gjeld sjølvsagt egg. Det er lenge sidan eg har vore bort i. Då meiner eg vi brukte eggerstatning.
    Eg er berre litt bekymra for at det vert for mykje kakemix og ferdige muffins, nærast daglegkost i enkelte heimar. Det vert nesten for lettvint ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...