tirsdag 26. februar 2013

Londonguide

For to år sidan var eg i London.  Det var ei fantastisk oppleving!  Når ein reiser frå eit feriemål, ser ein seg ofte attende og tenker: Kjem eg nokon gong attende hit?  Eg håper eg får høve til det!

Fredag skal eg reise saman med gode kollegaer på ein firedagarstur til London.

Han som eg vanlegvis reiser saman med, er ein kløppar til å orientere seg.  Ikkje treng han GPS heller for å finne fram.  Sjølv har eg ikkje noko problem med å rote meg vekk på dei minste stader.  No har eg innsett at det kanskje ikkje berre er noko som dett ned i hovudet hans heller.  Det har kanskje med evne, men nokså sikkert også med vilje å gjere. Eg skal prøve å sette meg inn i eit enkelt kart og ei oversikt over t-banenettet.

No kan vi berre gle oss!

3 kommentarer:

  1. Ja, er det ikkje merkeleg med desse mannfolka som er så flinke til å orientere seg.
    Men må me så må me me òg...
    God tur til London, spennande by.

    SvarSlett
  2. Den beste måten å orientere seg i ein by, er å sjå i butikkvindu-trur eg. Har aldri vore i London, og kjem vel heller aldri dit.

    SvarSlett
  3. Ein blir aldri ferdig med London, der er noko for einkvar smak. Bortsett frå fjelltoppar og denslags, men det har me nok av heime. God tur!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...