onsdag 27. mars 2013

Sjokoladepudding

Inspirasjonen til dagens dessert kom eigentleg på facebook.  Eg såg at nokon hadde laga det og kom til at det er lenge sidan eg har laga den populære desserten.  Eg kalla det dagens dessert.  Eigentleg hadde eg tenkt å servere han i morgon, men så gjekk ein av karane forbi grytene og vart så skuffa då  han kunne tenkt seg sjokoladepudding i dag.  Og kva gjer då mor? Ho lagar sjølvsagt ei skål til!  Oppskrifta er tatt frå Ingrid Espelid si bok "20 år i fjernsynkjøskjøkkenet".  Måla der er på strøkne ss.   Det opererer vi ikkje med på skulekjøkenet i 2012.  No er det måleskeier som gjeld.  Eg har og rekna oppskrifta om til 1 l mjølk.  Som de kanskje ser har eg dobla oppskrifta i dag - to gonger.

Det er like lett å koke sjokoladepudding som å koke kakao.
 1 dl maisenna
1 dl sukker
3/4 dl (5 ms) kakao
1 l mjølk
2-3 ts vaniljesukker
Blans først saman dei tørre ingrediensane (ev. unnateke vaniljesukker).  Rør inn litt kald mjølk og rør til glatt røre.  Spe med resten av den kalde mjølka.  Kok opp.
 Gi blandinga eit oppkok.  Småkok i 2 minutt før du har puddingen i ei skål.

Server sjokoladepudding med vaniljesaus.  Eg har gjort det enkelt og kjøpt Piano.  Krem er også godt til.

I mi gamle oppskrift står det at ein skal ha i vaniljesukker til slutt.  Den regelen meiner eg ikkje gjeld om ein bruker ekte vaniljesukker.


7 kommentarer:

  1. Ja den var jo like enkel som kakao. Den må jeg lage i morgen.Ha en herlig skjærtorsdag :)

    SvarSlett
  2. Dette ser godt ut. Skal tru om eg har ingrediensane her på hytta ? Lagar litt forskjelleg til kaffi, idag var det ei slags smuldre-eplekake som vart laga....
    Men du, kor mykje er eigentleg ei måleskei, 5 ml som ei teskei eller 10 ml som ei barneskei ?
    Forresten, kjende meg godt igjen når det er noko dei har lyst på,,, men no er det helst borneborna som får det som dei vil :)

    SvarSlett
  3. ms=matskei=15 ml. Det burde eg presisert av og til! Målet vert nytta i kokeboka som elevane får.
    Studenten reiser allereie fredag, så eg rekk liksom ikkje å lage alle yndlingsrettane hans ...
    Eg har vore "billaus" i dag, så då er det greitt å lage av det ein har. (Og det er ikkje så lite.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, du skulle sett spisskammerset her på hytta, gutane mine seier at me vil overleve lenge ...
      Altså er ei måleskei som ei ss, 15 ml (mål eg brukte i sj.pleietida..)

      Slett
    2. Takk for oppskrift på god sjokoladepudding. Rask å lage. Eg hadde ikkje kakao..!!, men Freia kokesjokolade med 70 % kakao.
      No er kaffikosen over og lite att i skåla :)

      Slett
  4. Kjekt å inspirere! Kokesjokolade forringar heilt sikkert ikkje puddingen!

    SvarSlett
  5. Hei;)
    Å denne skal jeg prøve;) Ble så skuffa over ferdigkjøpt sjokoladepudding rett før påske!!
    Tusen takk for at du inspirerer;))og deler;)

    Her er vi hjemme etter fjellferie med ungdommene,lange skiturer, god mat og masse kos;)
    Batteriene er virkelig ladet;))

    Ønsker deg en fin apriluke;)
    Klem fra Ann-Mari

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...