mandag 11. mars 2013

Å lære å velje


I mat og helse arbeider vi no med mellom anna to av kompetansemåla:
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

● vurdere og velje matvarer på ein mangfaldig varemarknad når ein planlegg innkjøp
● vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriterium

Så i dag vel eg å minne meg sjølv og andre på å velje fairtrade.  Det burde vere sjølvsagt at dei vi kjøper varene av skal ha ei anstendig løn. Dei skal ha ei løn som mellom anna gjer at borna deira får gå på skule.

Eg har sansen for aware som merkar varene med ei jordklote og ei pil mot landet vara er produsert.  Då kan eg dra vitsen min om vi no kan sjå kvar peparen gror.  Omtrent ingen niandeklassingar ler.  Det er kanskje eit godt teikn?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...