fredag 22. mars 2013

I dag kom ho!

 I dag kom endeleg boka frå Hobbyklubben! det er ikkje så ofte eg slår til på månadens bok.  Men denne hadde eg lyst på! Som de ser på framsida er der fine oppskrifter.
Det var mange mønster frå Drops design.(Katalog 133)  Dei finn ein gratis på nett.  Om eg skal vere litt kritisk, så er omtrent alle jakkene med mønster strikka fram og tilbake.  Det er ikkje noko for meg! Tunikaen over fall eg for.  Det er berre det at eg har ein del liknande frå før ...

Ein får inntrykk av at garnlevrandørane står bak oppskriftene, for der er få med garnalternativ.
 Denne kjenner vi kanskje att? Litt oransje og tettare mellom rosene, men elles lik Forbrytelsengenseren?

Eg må strikke ferdig genseren eg held på med, men eg ser ikkje vekk frå at andre i familien vil kike i boka?


2 kommentarer:

  1. Strikkashorts er kanskje litt sært...

    SvarSlett
  2. Der er mykje anna rart tilbehør også - bukser og lange strømper. Det kjem ikkje på min kropp!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...