torsdag 28. mars 2013

Besta har bursdag!


 I dag har vi feira mor mi sn dag.  Det er lettast å få alle til å møte her.  Journalisten har vakt, men fekk lagt matpausen hit. Eg dekte på to bord.
Lammesteik er så enkelt at det kan alle greie, stod det på matprat.  Det er sant. Det er lettvint mat. Eg gjer slik som det står på etiketten på Gilde lammelår.  På eit matprogram var det snakk om partypoteter.  Eg veit ikkje kva definisjonen på det er, men eg kjøpte nokre kilo ein dag eg kom over det. Dei hadde tynt skal, så vi skrelte dei ikkje.  Til dessert vart det sjokoladepudding, jordbærgele med jordbær og bær i krydderlake med is.

Fødselsdagbarnet stilte med kaker.  Sjølv hadde eg berre laga eit par rørebrød, 1/2 gong større enn desse, som eg serverte til eit ostefat.
Det vart tatt flest bilde med mor mi sitt kamera.  Vi prøver å lære oss med Nikonkameraet hennar, men vert ikkje heilt fortrulege med det.  Sjølv har eg eit Canon speilrefleks.  No satsar vi på at ein Nikoneigar hjelper henne.

Vi får berre takke gjestene for ein triveleg dag!

2 kommentarer:

  1. Lammelår er godt. I år ble det lammestek her i stedet.
    Høres ut som dere hadde en koselig feiring for din mor,
    Gratulerer på etterskudd.
    I går laget jeg for første gang hjemmelaget sjokoladepudding etter oppskrift fra deg. Den var veldig enkel, og ikke minst kjempegod. Laget og vaniljesaus etter di oppskrift. Takk til deg for vellykket dessert :)
    Ønsker deg fortsatt gode påskedager :)

    SvarSlett
  2. Eg har kome til at mitt særpreg når det gjeld matblogging får vere enkle oppskrifter, gjerne frå skulekjøkenet. Når rettar er populære her, reknar eg med at dei fell i smak hos andre også ;-) Kjekt at dine likte sjokoladepudding. Det finst flottare, og dermed dyrare, oppskrifter. Det får andre ta seg av ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...