lørdag 31. august 2013

31.august

Det er ein trist dag på Sunnmøre i dag.  Den unge kvinna som ein hadde håp om å finne i live, vart funnen drepen i ettermiddag.  I 2013 skulle ein tru det er omtrent umogeleg å ikkje etterlate DNA.

Liljene over stod i potter utanfor døra i fjor.  Skulle eg hatt selskap denne helga, hadde eg tatt dei inn ...


fredag 30. august 2013

Fredagssveler

Mannen i huset ymta frampå om at den gongen han var student i Volda, steikte mor hans vaflar eller sveler fredagagane. Voldastudenten heiv seg straks på den.  Han ønskjer seg sveler kvar fredag.

I fleire år var det ganske fast vaflar i heimen fredagane.  Det var det Asgeir på barne-tv som inspirerte til.  Eg synest og det var praktisk å sleppe smular når ein hadde vaska til helga.

I dag kom eg heim til nyvaska golv og ferdig middag.  Då synest eg ikkje det var noko ork å lage sveler ...

Om eg har freista nokre blogglesarar, så finn de oppskrifta her.

torsdag 29. august 2013

Skvåsjsuppe

 Eg som trudde det skulle bli skvåsjmangel i heimen denne hausten, må no lage alle dei skvåsjrettar eg kan.  Gunda si suppe med kikerter har vi laga fleire gonger.  Men når ein har rikeleg med skvåsj, kan ein lage suppe berre med løk, kvitløk, litt stilkselleri og rikeleg med skvåsj.  Eg brukte denne oppskrifta som utgangspunkt. Grønsakbuljong set god smak i tillegg til litt timian, frisk frå hagen denne gongen. Eg hadde litt sitron i, for ho vart ganske søt.
Ver forsiktig med vatnet.  Det bør ikkje dekke skvåsjen.  Han inneheld rikeleg med vatn.

Familien likte godt suppa.

onsdag 28. august 2013

Premie - til meg?

Eg har svart på ei mengd marknadsundersøkingar.  Ein samlar seg opp poeng.  Det kan vere 6, 8 eller 12 poeng for ei undersøking.  For dette kan ein ta seg ut premiar.  Ein treng ikkje tenke lenge før ein forstår at det tek si tid å samle opp 190 poeng. Ein av premiane er Mummikrus. Sjølv har eg nok av det meste, og sidan frøkna har forelska seg i desse, passar det godt at ho får dei.  Kruset over er 2013-kruset. 

Eg har stor sans for Mummiforteljingane.  Favoritten er kanskje "Det usynlege barnet" som vert meir synleg dess meir ho "meiner". Elles hugsar eg godt han som gøymde seg då Hufsa kom.

tirsdag 27. august 2013

Tysdag og tur

Det er små endringar i naturen frå veke til veke.  I dag kunne vi gå over demninga.  Nokre lauv har blitt gule. Litt mørkare enn førre veke.


mandag 26. august 2013

Bok 41: Leve posthornet

Frå coveret:
Jeg lengtet etter sammenbruddet. Å gi meg over til det og bli kjørt bort til et stille og kjølig sted, langt borte, et langsomt sted. Ellinor, en kommunikasjonsrågiver i tredveårene, kjenner at det ikke er nok alvor og inderlighet i tilværelsen. At livet hennes er for banalt for fortvilelsen hun føler. Da en kollega forsvinner, må hun overta jobben fra Postkom som han sto midt oppe i. Ved å lære de postansatte om media, makt og politikk skal hun bistå dem i arbeidet mot innføringen av EUs tredje postdirektiv. Vi følger livet hennes gjennom et halvår fram til Arbeiderpartiets landsmøte i april 2011.

For å finne meining med livet fer Ellinor til Finnmark for å nøste opp i ei historie ho fekk nyss om i eit heller mislykka møte med dei posttilsette. Eller var det så mislykka? Kva kom ut av møtet? Ellinor lurer og på om forholdet til kjærasten er godt nok. Kva kan brev gjere for eit forhold?

Eg har sansen for Vigdis Hjort sine romanar.  Ho ser menneske med eit skrått blikk.  Og ho stiller viktige spørsmål.  Dette er ei lita bok, knappe 5 timar i MP3-utgåve.  Det er kjekt å kose seg med noko anna enn krim!

søndag 25. august 2013

Ferdigfeira

I går tromma eg saman nokre vener og naboar, dei er sjølvsagt også gode vener, til ei forseinka femtiårsfeiring, den siste i rekka. No har alle kome heim frå ferie. Eg kosa meg med å lage mat og dekke bord så å seie heile dagen, berre med små pausar.  Det vart lammegryte, spekemat og røykelaks.  Ostefatet fekk stå til kaffien. Fotoapparatet kom eg ikkje på å ta fram. Men før kaffien fekk eg beskjed om å stille opp.  Kakene fekk eg av flinke venninner.

Vi var svært heldige med veret.  Utekonserten under linda kunne haldast.  Den hadde ikkje vorte mogeleg i slikt ver som det var tidlegare i veka.

Eg får berre takke gjestene for hyggeleg selskap! Og takk til alle bidrag i ulik form!

fredag 23. august 2013

Flott dag på fjellet

I dag sykla vi først til Ulset der vi sette frå oss syklane og tok beina fatt.
 Baktroppen fekk ikkje sette seg ned, men vart opmoda om å gå sakte.  Dei kom seg opp og fekk seg matpause.  Her ser vi bygda Hareid frå Melshornet.
 Utsikt mot byen Ulsteinvik.  Der er det eit fantastisk flott, ope landskap.
Eit artig fenomen der sola lyser slik at ein ser ei svart stripe framom flyet.
 Denne plata viser i kva for retning dei ulike toppane ein kan sjå frå Melshornet er.
Og elles kan ein sjå ...

torsdag 22. august 2013

Avslørande!

(Men det er no heilt frivillig om ein vil legge det ut for heile verda!)

Denne gongen såg eg berre dei øvste tilboda.  Sommaren røper seg.  Eg tenkte eg fekk skulde på huspassarane som levde på bacon og egg. Sanninga er at vi nok har steikt enn del bacon både til blandaballj og pannekaker.  Eg kjøper gjerne billeg og er raus med mengda.  Egg har gått med til både steiking, koking og baking. Til karamellpudding kjøper eg solegg med ekstra gul plomme.  Men kosa oss, det har vi, som de ser ...

I dag har det skine opp her, og vi kan gle oss til sykkeltur og fjelltur i morgon.  Mannen har pumpa opp frøkna sin sykkel som har nokre fleire gir enn den eg har arva etter mor mi.  Det trur eg vert ein fordel i slakke oppoverbakkar. Så får eg håpe at eg finn bakbremsa når eg skal ned att.

Så kjem det store spørsmålet: Korleis motivere baktroppen!  Eg prøver å nekte dei å sette seg ned for kvart femte minutt.  Gå med små steg heller enn å sette seg ned, vert refrenget.  Siste påfunn er "sprekare enn ein femtiåring" - det bør faktisk friske fjortisar vere!


onsdag 21. august 2013

Hagen i dag

 Timane på jobb og etter jobb går fort for tida. Som eit lite livsteikn, kan eg ta blogglesarane med meg ut i hagen.  Det er så mørkt at blitzen slår inn.

I utgangspunktet synest eg det er lite som blomstrar for tida.  Bedet bort mot eine naboen er heilt grønt.  Det får eg gjere noko med.  Det er sjølvsagt fargerikt om våren.
 Denne planten vart omtrent oppeten der han stod i fjor.  Eg flytta han rett før solveka her i år.  Eg bøtta på med vatn, så det gjekk heldigvis godt.
 Hovudmistenkt!
 Sjølv om eg berre har to skvåsjplantar i år, så har vi rikeleg med skvåsj.  Plantane og skvåsjane er så robuste, trur eg.  Og det er færre sniglar i år.
Buskane som vi fekk av systera mi for to år sidan, har vakse litt, men dei har ikkje blomstra til no. Dei andre buskane og snøbærhekken har mange visne greiner etter den harde vinteren.

Viss eg skal kjøpe noko nytt til hagen til våren, må det bli roser og haustblomstrande staudar.

tirsdag 20. august 2013

Tysdagar

For ein lærar er timeplanen ny kvart år.  Timane fordeler seg ulikt utover i veka.  I år vert nok tysdagane dei heftigaste for meg.  Eg er seks timar på skulekjøkenet.  Det er travelt, men kjekt.  Så er det 1 1/2 time møte.  Slike dagar gjer det ekstra godt med ein trimtur der ein kan få lufta vitet!

mandag 19. august 2013

Knekkebrød

Eg har ikkje hive meg på knekkebrødbølgja enno.  Til det er eg for glad i mjukt brød.  Men så fann vi denne oppskrifta i den nye kokeboka, og frøkna ordna ut før ho for på trening.  Eg tok meg berre av steikinga. Knekkebrøda vart sprø og gode.  Eg ser ikkje vekk ifrå at dei kan bli ein klassikar på skulekjøkenet. Viss ein deler dei i mindre bitar, kan dei sikkert brukast som kjeks.
2 dl sammalen kveite, grov
2 dl havregryn (vi brukte små)
1 dl solsikkekjernar
1/2 dl sesamfrø
1/2 dl linfrø
1/2 ts salt
3 1/2 dl vatn

1. Set steikeomnen på 160 grader.
2. Bland saman alle ingrediensane
 3. Fordel blandinga jamn utover eit bakepapirkledd steikebrett.
4. Steik i 10 minutt.
5. Ta ut brettet og skjer i høvelege ruter.
6. Steik vidare i ca 1 time, til knekkebrøda er sprøe.
7. Avkjøl på bakerist.
8. Oppbevar knekkebrøda i ein tett boks eller i eit Noregsglas til dømes.

Våre knekkebrød vart sprø og gode.  Om dine ikkje vert det, bryt du dei frå kvarandre og legg dei utover steikebrettet.  St omnen på 100 grader og set steikeomnsdøra på gløtt.  Eg bruker å sette ei tresleiv i døra når eg tørkar brød til kavring.

søndag 18. august 2013

Bok 40: Politi

Eg trur nok at dette er romanen flest nordmenn har lese i sommar?

Etter førre roman fekk eg spørsmålet av han eg kallar krimkompisen min: Lever Harry Hole?  Ja, seier eg.  Jo Nesbø kan ikkje ta livet av han! (Eg er framleis irritert på Henning Mankell si siste bok om Kurt Wallander.)

I Politi held han oss lenge på pinebenken.  Men vi vert ikkje skuffa.  Elles er dette ein typisk Harry Hole-roman.  Alle politimenn er ikkje til å stole på.  I Politi er dei også offera.  Vi Harry Hole bli eitt av dei? Ingen Harry Hole-roman der han ikkje held på å bli drepen!

Det er vanskeleg å skrive mykje om romanen utan å røpe handlinga. Ein presentasjon av boka finn de her.

Romanen er ein pageturner.  Ein får det ein forventar. Eg har sansen for at alt ikkje er svart-kvitt.

lørdag 17. august 2013

Thailandsk fiskegryte

I dag prøvde vi ei av oppskriftene i Kokeboka mi. Retten fall godt i smak, og eg ser ikkje vekk i frå at  den vil dukke opp på skulekjøkenet ein gong utpå hausten.  Fiskerettar er noko av det raskaste ein kan lage til middag.  Start med å sette på ris.  Eg bruker å koke risen på svak varme i 15 minutt og så slå av plata.  Den kokar ferdig på ettervarmen og held seg perfekt lenge, om middagen skulle bli utsett nokre minutt.  

Til vår familie på fire dobla eg oppskrifta, dvs grønsakene.  Fisken vog eg ikkje, men det er to seifiletar. Sidan eg visste at fisken ville gi frå seg ein del væske, hadde eg ikkje i vatn.

1/4 boksar høver godt på eit skulekjøken. No får ein kjøpt mindre boksar.  Restar kan sjølvsagt brukast i til dømes kyllingrettar eller ei grønsaksuppe i staden for fløyte.
1/2 purre
1/2 raud paprika
1/2 gul paprika
1 ms olje

ca 1 cm riven, fersk ingefær
1/4 boks kokosmjølk (ca 1 dl)
1 ms søt chilisaus
1 dl grønsakbuljong (1 dl vatn + 1/2 terning)

200 g fiskefilet frå kvit fisk
1/4 ts salt
1/4 ts pepar

1. Skyl grønsakene.  Skjer purren i ringar og paprikaen i bitar.
2. Ha olje i ein kjele og steik grønsakene raskt.
3. Skrell og riv ingefæren.
4. Bland kokosmjølk, søt chilisaus, grønsakbuljong og ingefær, og hell dette over grønsakene.
5. Lat alt koke i 3 minutt.
Skjer fisken i litt store bitar og legg dei i sausen.  Lat sausen trekke i 8-10 minutt, til fisken har endra farge heilt igjennom og er ferdigkokt.
6. Smak til med salt og pepar. (Eg hadde salt og pepar i sausen og kverna salt og pepar på fiskebitane mine som var litt store.)
7. Server ris til.

fredag 16. august 2013

Nye bøker

 Eg kom i diskusjon med ein lærebokseljar for mange år sidan som meinte at lærarar ikkje vil ha nye lærebøker i faga. Det er arbeidskrevjande, og lærarar liker å snu bunken. Eg meinte at det er eit økonomisk spørsmål.  Vi må slite ut bøkene før vi kjøper nye. Eg skulle gjerne hatt nye bøker i alle faga! Føresetnaden er sjølvsagt at eg meiner dei er betre.  I ¨vår låg det fleire prøveeksemplar på pulten min både i norsk og engelsk.  Det er flotte bøker, men tida er ikkje inne for utskifting.

I mat og helse har vi fått gratis lærebøker og kokebøker.  Desse har fått ein del kritikk fordi "kjøtbransjen" kjøper seg inn i faget.

Eg bestilte bøkene for å gjere meg opp mi eiga meining.  Vi har i mange år delt ut ei kokebok som er betalt av alle opplysningskontora og helsedirektortet.  Eg bruker å gjere elevane merksame på dette.  Både helse- og omsorgsministeren oghelsedirektøren har eigne innleiingskapittel.

I eit fag i utvikling er det flott å få nye innspel.  Det har kome kokebøker til alle elevane, men berre eitt sett lærebøker.  Dei kan vi derfor berre bruke på skulen som eit supplement.
 Mat og helse er det faget der færrast lærarar har utdanning.  Ei slik lærebok med forslag til teoristoff og oppskrifter, kan vere til god hjelp for å sikre god undervisning.
 Eg stussa først på at oppskriftene kom litt hulter til bulter.
 Men det er fordi dei kjem i den rekkefølga dei kjem i leksjonane.
 Det er mykje å lage i leksjon 4 ... Forslag i teoriboka.
 Oppskrifter i kokeboka.
Eg skal studere vidare på opplegget.  Førsteinntrykket er at der er for lite ernæringslære.  
Kokeboka har eg planar om å ta i bruk på heimebane allereie i morgon. Der er mange spennande oppskrifter som til dømes på sushi.  

Eg synest det er viktig å bygge oppfaget frå det enkle til det meir avanserte.  Vi begynner med grove rundstykke i leksjon 4 (før det trillar dei ut kantinerundstykke frå leksjon 1) via loff til klippekrans.  Her er det grisssini i leksjon 1 og klippekrans i leksjon 5. Eg ser ikkje vekk frå at vi kan smette inn nokre grissini ein gon ut på hausten!

torsdag 15. august 2013

Flytte heimanfrå

For to år skreiv eg nokre gode råd til dei som skal flytte heimanfrå.

Vår yngste student skal til Volda og studere engelsk.  Han har fått seg hybel.  Det er ein grei overgang.  Eldstebroren for til Bodø då han var 19, og nestemann for til Oslo.

Vi fann nokre praktiske "suvenirar" til han i Sverige.

onsdag 14. august 2013

Matpakkebrød

I dag vil eg nok ein gong slå eit slag for heimebaka brød.  Rundstykke er alltid populært, men i kvardagen er det ikkje alltid ein tek seg tid til å trille emne.  Dette brødet tok eg rett frå bollen og baka det ut i olje på (teflon)bakebapiret. Deretter ruta eg det opp med deigskrapa. 

I den svenske brødboka heiter brødet Pippirutor. Det inneheld berre grovt mjøl, men har ein variant med litt fint i som her.

Deigen kan varierast i det uendelege.  Egga gjer at ein kan bruke meir grovt mjøl.  Bruk litt mindre sammalen kveite,fin om du kuttar ut dei.  Mjølk gir litt mjukare rundstykke enn vatn.  Brødet kan sjølvsagt bakast utan frø.  Fibramjøl får ein kjøpt for ca 12 kr kiloen på Rema 1000.  

Ein kan sjølvsagt bake med hendene, men eg synest det er greitt å bruke kjøkenmaskin.
1 pk gjær
5 dl mjølk, lunken
1 ts salt
1 ms sukker
1/2 dl rapsolje - eller anna nøytral olje
1/2 dl linfrø, gjerne knuste
1/2 dl solsikkekjernar
1/2 dl graskarkjernar
2 1/2 dl havregryn
2 1/2 dl sammalen kveite, grov
5 dl fibramjøl eller sammalen kveite, fin
1-2 egg (kan sløyfast - ta av litt til pensling)
ca 5 dl kveitemjøl

egg til pensling, frø til pynt

1. Ha alle ingrediensane i bakebollen. (Slapp av! Gjæren løyser seg opp på den tida du bruker til å ha i mjølet!)
2. Kna deigen ca 10 minutt i kjøkenmaskina.
3. Hev til dobbel storleik.
4. Lat gjerne maskina kna deigen nokre sekund.
5.Ha litt olje pa hendene og på bakebenken/bakepapiret.  Form brødet på plata. Lag ruter.
6. Hev til dobbel storleik, ca 40 minutt.
7. Steik brødet ved 200-225 grader 20-25 minutt.

Dette brødet bør vere godt i matpakken!

tirsdag 13. august 2013

Bok 39: Seconds away

Så rakk eg å lese ut den andre boka av Harlan Coben denne sommaren.  Boka er kjøpt i Roma.  Eg greier ikkje å finne ut om romanen er omsett til norsk.

Sjølve krimgåta likte eg ikkje så godt som denn førre boka eg las.  Eg synest det vert litt mykje Hardy-guttene når ungdomar skal løyse krimgåter. Oppklaringa var heller ikkje heilt etter min smak.

Men det er god underhaldning, og det er greie romanar å lese på engelsk. Også denne romanen kan lesast sjølvstendig.

Det spørs om engelskstudenten skal få arve denne.

mandag 12. august 2013

Siste innspurt

Det har vore siste fridag for mange i dag.  Sjølv har eg ein dag til.  Og det er så mykje eg har lyst å gjere!

Mannen og eg har vore på handlerunde på Moa i dag.  Eg løyste inn eit gåvekort og fekk meg eit par fine øyredobbar. Dei vart ikkje heldige på bilde, så det får vere.

Det var helst på mannfolkbutikkar vi gjekk i dag.  Eg kika innom nokre interiørbutikkar, slike som vi ikkje har her på øya.  Dette kruset kjøpte eg til sjusovaren i familien på Kremmerhuset.

Dei som ikkje er ven med meg på facebook eller les Vikebladet kan sjekke her kva mannen har lada opp til i det siste.

Eg ser i høgremargen på bloggen at mange driv med safting og sylting for tida.  Her er bæra så vidt modne.  Veret freistar ikkje til bærplukking.  I verste fall får vi røske dei raskt av og koke saft når den tid kjem.  Men vi kan no håpe på betre ver til helga.

søndag 11. august 2013

Partypinnar

Til dette brødet måtte eg kjøpe inn lime og soyasaus.  Det hadde sikkert gått fint med skalet av 1 sitron og 1 ts salt også. Deigen skulle delast i 20, men eg valde å lage 24 partypinnar, 8 på kvar plate.  I denne oppskrifta skal ein skålde mjølet.  Det går fint utan også ... Krydderet knuste eg i urtehakkaren på stavmiksaren. Vil ein bake utan krydder og sitrusskal, så får ein rundstykke med annan fasong.

Vi smakte på pinnane, men valde å fryse ned det meste til det vert eit party, gjerne med eit ostefat eller ei suppe.
2 dl sammalen kveite, grov
2 ts anisfrø, knuste (kan sløyfast)
2 ts fenikkelfrø, knuste (kan sløyfast)
4 dl kokande vatn

25 g (1/2 pk) gjær
2 1/2 dl lunka vatn
rive skal av 2 lime (kan sløyfast)
2 ms japansk soyasaus (eller 1 ts salt)
1/2 dl rapsolje
ca 10 dl kveitemjøl (2 dl meir?)

1. Bland saman grovt mjøl og krydder i bakebollen (Kjøkenmaskin om du har).  Hell kokande vatn over.  lat blandinga stå til den vert fingervarm - eller lenger.
2. Ha gjæren og resten av ingrediensane i bakebollen.  Elt deigen godt, gjene 10 minutt. Hev til dobbel storleik.
3. Del deigen i 24 emne.   Trill dei runde først.  Bak utt 8 emne og legg på eit bakepapir på ei bakeplate. Eg trilla dei like lange som brettet omtrent. Vent litt før du tek neste 8 - og så resten.
4. Set omnen på 230 - 250 grader.  Hev pinnane i ca 40 minutt før du steiker dei i 10-15 minutt.
5. Avkjøl dei under ein handduk.




Bröd från när & fjärran

Då eg var på eit kjøpesenter i Karlstad, tekte eg at eg kunne no smette innom bokhandelen og sjå om eg fann meg ei interessant koke- eller strikkebok.  Kanskje brødbøker vert den nye suvenirtypen?  Sjølv har eg ei oppfatning av at svenk brød ikkje er det heilt store.  Det var eit inntrykk eg fekk på svenskeferiane på 70-talet.  Grøvbrøda var søte og klissete på eit vis.

I "Bröd frän när & fjärran" kan ein lese: "Intet land har så många olika brödsortar som Sverige." Og her er det ein del å lære.
Sverige vert delt inn i brødregionar der Noreg og delar av Storbritania høyrer til "den västsvenka brödregionen".
 Oppskrifter høyrer med i ei kokebok, og her er mange og gode. Men for at ei kokebok skal bli ekstra interessant, er det viktig med gode innleiingskapittel, meiner eg.  Og her er både historisk stoff og stoff om råvarer og anna.
Råvarer er ei lita utfordring.  Mjølsortane er ikkje like i ulike land. Grahammjøl må til dømes erstattast med sammalen kveite, grov,  fann eg ut på nett.

Eg kjem nok til å presentere nokre oppskrifter omsette til norske tilhøve.  Eg får seie dei er inspirert av denne kokeboka.

fredag 9. august 2013

Bok 38: Tråden

Frå coveret:
En by i opprør. Et folk i fare. En fortelling om håp, lojalitet og kjærlighet.Thessaloníki, 1917. Den natten Dimitri Komninos blir født, raseres den multikulturelle byen av en katastrofal brann. Fem år senere må en liten jente, Katerina, flykte til Hellas, da hjemmet hennes i Lilleasia blir ødelagt av den tyrkiske hæren. I kaoset om bord på båten kommer hun bort fra moren sin. Fra den dagen flettes livene til Dimitri og Katerina sammen. Thessaloníki, 2007. En ung gresk mann, oppvokst i London, nå student i hjemlandet, får høre livshistorien til sine besteforeldre for første gang - en dramatisk historie om mennesker som er blitt drevet vekk fra sin elskede hjemby med makt og vold. Historien han blir fortalt gjør et uutslettelig inntrykk, og får også store konsekvenser for hans egen fremtid.

Denne romanen er skriven etter same oppskrift som dei andre romanane til Victoria Hislop.  Ho lagar eit bakteppe med historiske hendingar og lagar ei historie som går over fleire generasjonar.  Dei historiske hendingane er interessante.  Menneskeskjebnane kunne ha vore interessante.  Men forfattaren vil så mykje.  Ho skildrar i veg.  I staden for å vise at der er godt samhald i ei gate, skriv ho det. Ordet hate vert mykje brukt. Det er eit ord ein bør vere forsiktig med bruken av, kunne det vorte sagt eller vist på andre måtar? Ho legg ut ein del spor som ho ikkje følgjer opp, meiner eg.

Språket er klissete og enkelt.  Når alt skjer i hjartet, får eg problem. Også denne romanen er for lang, ikkje i sider nødvendigvis, men i tidsrom. I staden for å femne så vidt, burde ho konsentrere seg om å kome under huda på menneska ho skriv om, meiner eg. Dei er altfor eindimensjonale etter mitt syn.  


torsdag 8. august 2013

8. august

I dag starta eg dagen hos frisøren.  Deretter vart det kjolekjøp.  Etter middag fekk eg lyst å styre litt i hagen.
I fjor kjøpte eg ein astilbe i ein farge eg ikkje hadde frå før.  Først sette eg den i ei potte med god jord ved utedøra.  Så delte eg stauden i to og planta han i bedet.  Resultatet ser de, to fine astilbar.
I år har eg kjøpt ein staude som eg har planar om å gjere det same med.
Her ser de tre potteroser frå i fjor.  I dag sette eg ned to til og eit par liljer.

Han som har passa blomstrane medan eg var på feriar, har gjort ein god jobb.  Noko vatning av skvåsjen vart ikkje aktuelt ...

onsdag 7. august 2013

Så langt - så godt

Det har vorte litt strikking i sommar.  Valet fall på den blå kofta, eller jakka i kofteboka.  Det går greitt å strikke mønsteret rundt.  Eg har lagt opp fem masker der eg skal sy og klippe.  Maske 2 og 4 strikkar eg i mønsterfargen for å gjere det lettare å sy saumane beine.  Som de ser, er mønsteret lett å følgje.  Det viser detaljert kvar ein skal minke og auke.  Når eg kjem opp til ermane, har eg tenkt å felle av og legge opp att.  Fellinga får eg spekulere litt på korleis det vert finast.  Halsen tek eg heilt til slutt, trur eg.  Kragen trur eg at eg vil ha rund og smal, ikkje som i dette mønsteret, men eit anna.

Garnet eg strikkar i er Hverdags.  Eg liker dei fargane som er dusare og passar godt saman, synest eg.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...