torsdag 8. august 2013

8. august

I dag starta eg dagen hos frisøren.  Deretter vart det kjolekjøp.  Etter middag fekk eg lyst å styre litt i hagen.
I fjor kjøpte eg ein astilbe i ein farge eg ikkje hadde frå før.  Først sette eg den i ei potte med god jord ved utedøra.  Så delte eg stauden i to og planta han i bedet.  Resultatet ser de, to fine astilbar.
I år har eg kjøpt ein staude som eg har planar om å gjere det same med.
Her ser de tre potteroser frå i fjor.  I dag sette eg ned to til og eit par liljer.

Han som har passa blomstrane medan eg var på feriar, har gjort ein god jobb.  Noko vatning av skvåsjen vart ikkje aktuelt ...

3 kommentarer:

  1. Eg ønsker meg veldig ein rosa astilbe, og du har ei rot som skal delast!

    SvarSlett
  2. Du skal få den eine! Og ei litt mørkare om du ikkje har.

    SvarSlett
  3. Eg har berre ei att, og den er det nesten ikkje noko att av.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...