søndag 11. august 2013

Bröd från när & fjärran

Då eg var på eit kjøpesenter i Karlstad, tekte eg at eg kunne no smette innom bokhandelen og sjå om eg fann meg ei interessant koke- eller strikkebok.  Kanskje brødbøker vert den nye suvenirtypen?  Sjølv har eg ei oppfatning av at svenk brød ikkje er det heilt store.  Det var eit inntrykk eg fekk på svenskeferiane på 70-talet.  Grøvbrøda var søte og klissete på eit vis.

I "Bröd frän när & fjärran" kan ein lese: "Intet land har så många olika brödsortar som Sverige." Og her er det ein del å lære.
Sverige vert delt inn i brødregionar der Noreg og delar av Storbritania høyrer til "den västsvenka brödregionen".
 Oppskrifter høyrer med i ei kokebok, og her er mange og gode. Men for at ei kokebok skal bli ekstra interessant, er det viktig med gode innleiingskapittel, meiner eg.  Og her er både historisk stoff og stoff om råvarer og anna.
Råvarer er ei lita utfordring.  Mjølsortane er ikkje like i ulike land. Grahammjøl må til dømes erstattast med sammalen kveite, grov,  fann eg ut på nett.

Eg kjem nok til å presentere nokre oppskrifter omsette til norske tilhøve.  Eg får seie dei er inspirert av denne kokeboka.

4 kommentarer:

  1. Eg har baka Gundas rundstykke i dag. Blei så mykje kjekkare å bake etter at du lærte meg å bruke olivenolje på hendene i staden for å bake ut i mjøl. Mykje mindre rot også. Eg kjøpte eit bakeunderlag på Clas Ohlseon som eg er veldig nøgd med.

    SvarSlett
  2. Apropos så har eg ei tyrkisk kokebok som eg har fått av Margrete. Har hatt lyst å bake sesamringane, men det har aldri blitt.Meiner boka er på engelsk.

    SvarSlett
  3. Eg bruker og olje på eit slikt underlag. No har eg baka eit brød rett på bakepapiret/plata. Eksemplager er og heilt vekke ...

    SvarSlett
  4. Sende deg oppskrift på sesamringar. På mail.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...