onsdag 18. april 2012

Appelsin- og banansalat

Det er godt med dessert, synest eg,  Og ein dessert treng ikkje vere så innvikla.  Det er desserten vi har hatt på skulekjøkenet denne veka, eit godt eksempel på.  


2 appelsinar, i tynne skiver
1 ms sukker
1 banan i skiver
1 ms mandlar/nøttekjernar, grovhakka (kan sløyfast)

1. Skrell appelsinane og fjern mest muleg av det kvite før du skjer dei i skiver.
    Skrell og del bananen i skiver.
2. Legg appelsinskivene i ein serveringsbolle og strø over litt sukker.
3. Fordel bananskivene over appelsinen og drys eventuelt over mandlar/nøttekjernar.

Oppskrifta er henta frå"Kokebok for alle" , den niandeklassingane får gratis.  Eg forstår ikkje kvifor bananane skal vere på toppen.  Skal ein unngå at dei vert brune, er det vel lurt å legge dei mellom appelsinskivene? Viss appelsinane er søte og gode, ville eg ha kutta ut sukkeret ...

4 kommentarer:

  1. Får skulekjøkken "Flach back"


    Herleg dessert :-)

    SvarSlett
  2. Det var ei som vart inspirert her i dag og laga det til forballkampen. Enkelt og godt! Ho kutta sukkeret.

    SvarSlett
  3. Forstår ikkje heilt vitsen. Eg ville heller hatt frukta naturell.Altså 1/2 appelsin + 1/2 banan t.d.

    SvarSlett
  4. Folk et meir frukt om dei får den servert slik!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...