Frøkna hadde fått ei melding på mobilen: Ho er VIP. Med det følgjer 50% rabatt på ein av butikkane på kjøpesenteret i byen. Mora måtte legge hageplanane til side og vere sjåfør og kortdragar. No er eg ikkje så veldig tung å be, for eg hadde diverse ærend sjølv.
Idet vi går ut døra, spør ho; "Kva betyr eigentleg VIP?" Er det berre LOL og liknande forkortingar dei unge kan. Om nokon som les bloggen skulle vere unge og uvititande, så betyr det sjølvsagt Very Important Person. Og slike VIPar kan få særbehandling til dømes på fotballkampar.
Og frøkna er nok ein slik VIP i heimen dei næraste vekene sidan ho er konfirmant. I dag var ei ny ytterjakke det viktigaste. Valet fall på ei grøn.
Dei som er innom matbloggen hennar, ser sikkert at ho er biten av cupcakebasillen. I dag investerte vi i litt meir utstyr.
Elles får eg åtvare om stor fare for høg myrsnipefaktor framover ...
Fint bilde av Frøkna i ny jakke!
SvarSlettSå fin!
SvarSlettGod helg :-)