I dag sette eg meg til å feste trådar på jakka mi. Det var ikkje få, så det tok si tid.
Det er lett at eit handarbeid vert liggande når ein har kome så langt. Bøygen er vel ofte dei to maskinsaumane? Min måte å angripe problemet på, er å vere svært pirkete. Eg tråklar der eg skal sy. Når eg har sydd dei rette saumane og klipt opp, "sikkar" eg to gonger, ein gong vanleg, og ein gong med den breiaste saumen.
No er eg godt nøgd med dagens handarbeidsinnsats. Kanskje jakka vert ferdig så eg kan bruke den i vår?
Jakka ser ut til å bli veldig fin!!
SvarSlettOlaug seier det er det finaste eg har strikka hittil. Eg liker godt dette garnet, mjukt og behageleg, og plagga vert så tynne at dei vert brukte.
SvarSlettHeilt enig i det. Eg hadde ei jakke som har lagt ferdig til montering i ca 13 år! No tok tanta den med seg og skulle gjere den ferdig, og ev.selje den på basar. Eg ville ikkje ha den, har ei strikkajakke som eg ikkje brukar kvart år. Betre med tynnare plagg. Eg driv framleis og strikkar "restelester"-men begynner å bli lei. Kongsberg-gjengen fekk no velje seg ut nokre som dei ville ha. Eivind har fått sansen for strikkalester.Gler meg til å sjå jakka di ferdig, men no må du ikkje bli så ivrig at du får att skulderplagene.
SvarSlettRett og slett nydeleg :-)
SvarSlettVeldig fin jakke, ja, det løner seg å vere pirkete i denne prosessen.
SvarSlettFlott jakke! Feste tråder er kjedelig, men det må jo gjøres. Enig her, lønner seg være nøye når en skal sy og klippe opp.
SvarSlettNydeleg jakke.
SvarSlettDen får du mykje glede av !