søndag 29. april 2012

Galimatias

Laurdagsmorgonane kosar eg meg med helgemagasinet til Sunnmørsposten.  Der bruker å vere interessante artiklar, matspalte og petit.  Denne gongen var ord og uttrykk som blir brukte feil, tema.  Eg har fått med meg at klokkartru har med trua til klokkaren å gjere, men at galimatias ikkje har med galskap å gjere, var nytt for meg.  Eg måtte sjølvsagt sjekke mi eiga ordliste.


galimatias
galimati'as n1 (frå fr; uvisst opph) sludder, tullprat dette er det reine g-


Det er altså feil å bruke uttrykket om bilkøyring.


Nyleg kalla programleiaren i Frukost-TV på TV2 Tone Damli smørblid, men meinte lykkelig.



smørblid
~blid ovende blid; tilgjort blid


For journalistar og norsklærarar er det greitt å ha orden på orda.

7 kommentarer:

  1. Mange ord blir brukt "feil"-eller kanskje dei har så upresis tyding at ingen veit akkurat kva dei betyr? Eg er vant til at folk brukar ordet galemattis (galimatias)når dei meiner at det på godt sunnmørsk er reine skire "greinaløysa".Eller på riksmål"det glade vanvidd".
    Gløymer aldri at dronning Sonja snakka om ei panegyrisk utsikt-ho meinte det positivt. Eit godt råd til meg sjølv og andre: Bruk ikkje ord som når ein ikkje veit kva dei tyder.

    SvarSlett
  2. Eit anna eksempel er at vi seier sytalaust medan ordlista seier sutlaust. Har ordlista alltid rett?

    SvarSlett
  3. Både spennande og farleg med ord ein brukar ;-)

    Ha flott maiveke!

    SvarSlett
  4. Interessant, jeg hadde aldri tenkt på galematias som annet enn galskap ;)
    Jeg tror ikke at ordboka altid har rett, for språket er stadig i utvikling. Men når det gjelder journalilster (og lærere!), derimot, er de forpliktet til å følge ordboka. I hvert fall til ordboka sier noe annet ...
    Ønsker deg en glad dag!
    Pia

    SvarSlett
  5. Elevar skriv ofte "den dag i dag" når dei meiner "i dag" eller "dagen i dag".

    SvarSlett
  6. Eller "pr dags dato"! Det enklaste er det beste, meiner eg.
    Eg er einig i at vi må halde oss til ordlkista i offentlege samanhengar. Sjølv skriv eg mest muleg rett på facebook også. Det er vel helst litt spesielt.

    SvarSlett
  7. Eit av dei teitaste uttrykka som har kome inn i spåket i vår tid, er det ein tidligare statsminister som står bak.
    Eg treng vel ikkje sitere?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...