tirsdag 3. april 2012

Steikepanner ...

... har vore tema på bloggen min fleire gonger. Jernsteikepanna mi har vart i over 25 år.  No har ho rett og slett vorte farleg.  Treskaftet glepp, slik at ein lett mistar taket.  Eg har prøvd å skifte skaft, men det er sjølve jernet som er øydelagt. Særleg fin under er ho heller ikkje, så eg unnte meg ei ny.

For tida vert jernsteikepanna brukt mest til pannekaker.  Til fisk spesielt liker eg å bruke panner med sleppbelegg.  Kjøtkaker steiker eg til dømes alltid i jernsteikepanne.  Eg ser at når andre skal koke på kjøkenet mitt, nyttar dei andre reiskap og anna utstyr enn eg gjer. Ein gjer seg vel alle sine eigne erfaringar.

3 kommentarer:

  1. Eg bteok fram att ei jernsteikepanne frå lageret for noko sidan, men fann ut at den "lak" feitt, så eg bar den ned att i kjellaren. Wenche og eg er samde om at ein like godt kan kjøpe rimelige steikepanner, dei varer like lenge som dei dyre.

    SvarSlett
  2. Denne kosta 349 på Jernia, og varer den i 25 år, er den billeg i bruk. Den gamle var glattare, så det spørs om det tek ei tid før denne vert like god.

    SvarSlett
  3. Den eldste jernpanna mi var mykje betre enn den av nyare dato, men eg er gått heilt over til den lettare typen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...