mandag 23. april 2012

Kva eg skal så i år?

Det er såtid, og mange fortel om kva dei har sådd og skal så.  Sidan vi skal ha konfirmasjon her, vel eg å ikkje fylle vindaugskarmane med potter med spirar i. Eg gidd rett og slett ikkje å flytte rundt på plantar.

Men eg skal gjere eitt unntak: Eg må ha skvåsj i hagen! Vanlegvis sår eg dei 1. mai, men i dag skal eg så nokre av dei, så kanskje eg får hauste tidlegare.  Eg har prøva og feila i årevis.  Det same skjer kvart år, når det først kjem ein skvåsj, så kjem det mange.  Nokre dagar ser ein at dei har vakse frå morgon til kveld.  Øystein har grave ein komposthaug ned i åkeren, for dei treng mykje næring.

Framhald følgjer.  På denne bloggen kjem det ikkje agurknytt, berre skvåsjnytt.

NB! I dag er det siste sjanse til å stemme på årets påskekrim.

2 kommentarer:

  1. Herleg, visste ikkje det var lett å få fram skvåsj ;)
    Lukke til med konfirmasjonsførebuingane !

    SvarSlett
  2. Takk for det. Skvåsjdyrking går greit når ein først har fått dei trygt i jorda. Mykje vatn må til. det er ikkje alle år det er eit problem ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...