onsdag 4. april 2012

Påsketreff

 I dag har vi hatt triveleg besøk av søskena mine med familiar.
Desse hønsemuggane har eg hatt i mange år.  Greina tok eg frå ein plante eg kasta for eit par veker sidan.  No har den røtt seg.
 Til middag serverte eg lammelår.  Det høver godt når ein er mange.
 Når eg kokar brokkoli, står eg omtrent med stoppeklokke.  Eg har funne ut at det er lurt å dekke gulrøtene med vatn og ha i litt salt.  Når ein så legg blomkål og brokkoli over, vert dei dampkokte.
 Har ein glaslok på pannene, er det lett å følgje med ...
 Frøkna stod for kakebaksten.  I går prøvde eg å antyde at ho kanskje kunne halde seg til ein farge.  Men ho kosa seg med å først smelte sjokolade til figurar, og så laga ho ulike glasurar og pynta.  Søskenbarna på Kongsberg var vane med "verdas beste muffins", men kunne strekke seg til at desse var "verdas nest beste muffins", men kanskje dei finaste.
 Kva dei halvstore ungane styrte med heile dagen, visste vi ikkje.  Søskenbarna kosar seg saman.  Og når dei fotograferer, får vi vite litt meir. Denne akebakken ligg rett ovanfor huset vårt.
Her har vore fin sol innimellom overskya ver med litt snø.

2 kommentarer:

  1. Smilar av innlegget ditt! :)

    Orda mine stoppar litt..
    Bilda og teksta di talar for seg...GLEDE.

    God påske ♥

    SvarSlett
  2. Eg synest det er veldig kjekt å tromme saman slekta. Austlendingane ser vi ikkje så ofte.
    Og for frøkna var cupcakekurset svært motiverande!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...