torsdag 26. april 2012

Wok

Wok er ei ypparleg rett å lage for folk som ikkje liker å bruke oppskrifter.  I dag tok eg to pakkar strimla svinekjøt, slike ein får attpå på Prix for tida.  Eg steikte dei og let dei koke vidare i soyasaus og eplejus.  Eg synest slikt svinekjøt har godt av å trekke nokre minutt. Deretter steiker eg grønsakene etter tur i ei steikepanne.  Eg synest det er greitt å begynne med løk og olje i kald steikepanne.  I dag hadde eg raudløk, gulrot, blomkål, skvåsj, paprika, litt finhakka ingefær og litt sør chilisaus til slutt.

Denne retten er sunn, god og rimeleg, spesielt om ein serverer fullkornris til.  Dagens reklame får vere for Sunnmøre folkebutikk.  Der sel dei raudløk og ingefær i lausvekt til ein rimeleg penge.

2 kommentarer:

  1. Du freistar med så mykje godt !
    Eg må visst ta meg ein tur til dinna butikken,
    hugsa kje på deg når eg er på Hareid :(

    SvarSlett
  2. Dette ser prima ut! Får prøve. Eg har handla ein del på tikronersmarked på spar denne veka.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...