søndag 1. april 2012

Flott dåpsdag!

Eirik valde å døype seg på palmesøndag og ha stor dåpsfest i staden for konfirmasjonsfest.  Det er kjekt for oss, både fordi fleire kan kome, og fordi konfirmasjonen er berre seks dagar frå Olaug sin. 
Det verka som det var ein litt annan liturgi enn den som har vore. Fin var den i alle fall.
Systera, som også var ein av fadrane, las ein av tekstane.  Seinare las dei andre fadrane bøner. Organisten  trakterte tre instrument, orgel, trekkspel og piano.
 Her viser presten fram den døypte.
Som preike fortalde presten påskeevangeliet gjennom guten Ben.  Eg såg litt TV på morgonkvisten der vaksne folk på gata kan prestere å seie at dei ikkje veit kvifor vi feirar påske.  Når reporterane hjelper dei litt på gli, røper dei dårlege kunnskapar.  Derfor tenkjer eg at det er fint at presten går gjennom påskeevangeliet steg for steg for borna spesielt.
Eirik saman med prest og fadderar.
På grendehuset er der scene, og her vart det ulike underhaldningsinnslag.  Eirik er med i bandet Lommerosk som har gått vidare i UKM.
Det vart først servert koldtbord, og seinare dukka det opp eit typiske sunnmørsk kakebord.
Eg overlet til dei andre bloggarane å legge ut familiebilde.  Som de veit, stiller jentene alltid fint opp.
Kusinene mine på Eid og eg mimra litt om då vi var små og møttest.  Det vart ein del fnising før vi begynte å prate saman.  Og så hadde vi det alltid så kjekt når vi skulle til å reise heim att.  Her har desse karane funne tonen.

3 kommentarer:

  1. Fint referat! Ser ut som om det er Lars og eidarane som er grådigast ved kakebordet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var dei eg torde å fotografere ...

      Slett
  2. Kjekt at du har samla nokre inntrykk frå festen. Mykje strev for dei som hadde laga til. Koseleg å vere gjest og berre kunne bli underholdt, forsyne seg og prate.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...