fredag 27. april 2012

Bok 22: Englemakersken

Eg har ikkje lese Läckberg før, berre sett TV-filmane. Rett nok hadde eg nokre av dei liggande på den gamle datamaskina, men det var alltid noko som freista meir.

På førehand hadde eg fått høyrt at romanen var heilt OK.  Det var den absolutt. Fordelen med å ha sett filmane og vore i Fjällbacka, er at du ser personar og landskap for deg.  Der er ein del å halde greie på, ikkje minst fordi handlinga går over fleire generasjonar.

Läckberg skildrar interessante menneskeskjebnar.  Privatlivet til Erica skal vere typisk, men finst slike frittalande svigermødrer?

Eg gav romanen fire stjerner.

2 kommentarer:

  1. Eg sit her i skrivande stund og les denne boka. Eg er ingen Læckberg-fan, men har lese alle bøkene. Mysteria er greie nok, men som eg plar seie"for mykje te og bollar" eller "smalltalk" om det er eit meir dekkande ord.

    SvarSlett
  2. Hei. BAre koselig at du vil følge min blogg.
    Legger deg til i blogglista mi.
    Ha en herlig lørdag :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...