Niandeklassingane har hatt heimedag i dag. Sidan det er snart konfirmasjon, tenkte eg at heimane ville sette meir pris på vaskeoppgåver enn for mykje baking og koking. Dei fekk derfor i oppgåve å lage ein kvardagsmiddag og ein enkel dessert. Kjøkenet skule vekereingjerast, og så skulle ein velje mellom reingjering av bad eller kjøleskap.
Her i huset passa det dårleg med heilsteikt ørret i dag sidan foreldra var inviterte på salt- og søtmat i eit etterpålag. Niandeklassingen skulle dessutan til tannlegen. Ho fekk derfor utsetje middagen til i morgon og heller vaske vegger og tak på kjøkenet. Eg var godt nøgd med den avtalen! No skin kjøkenet og kjøleskåpet er ryddig og reint. I tillegg kan vi konsentrere oss om andre ting i morgon og få middagen servert. I dag hadde ho laga heimelaga pizza til seg sjølv og broren.
Høres flott ut med renvasket kjøkken. Har du en 9.klassing å sende til meg en tur. hehe.
SvarSlettHa ei herlig uke :)
Fornuftig!!
SvarSlettHa flott 1.mai :-)