søndag 13. august 2017

Maya love og Tirilgenseren

 I dag reiste Olaug attende til Bergen.  Med seg i kofferten hadde ho to genserar.  Den ho sjølv har på seg, har eg kjøpt som strikkepakke på Garnius. Eg er spent på garnet som heiter Drops air.  Genseren skulle strikkast litt kortare og dampast.  Det første gjorde eg, og så vaska eg plagget.  Genseren vart passeleg, men ikkje stor.  Eg tippar han kan finne på å sige litt. God og mjuk er genseren i alle fall.

Det er nokre ting eg er veldig stirrig på.  Eg dampar t.d. aldri strikkeplagg.  Handarbeidslæraren vår på lærarskulen, Margot Sundgot, lærte oss at strikka plagg vart flate om ein dampa dei, så det skulle ein ikkje gjere.  det sit i meg enno.
 
Eit anna genserønske i sommar var Tirilgenseren.  Garnet er frå Sandnesgarn og er børsta alpakka. Her er eg modell.  Vi skulle ha tre damer på eitt bilde, men etterpå vart vi samde om kvar sitt bilde av oss sjølve... Genseren er litt liten til meg, som de ser.  så det er bra ho er ein storleik mindre.

Vi får håpe at ho ikkje får bruk for så tjukke genserar med ein gong.

8 kommentarer:

  1. Nydelege genserar og modellar!

    SvarSlett
  2. Flotte gensera.
    Margot Sundgot, kjent som tante Margot til syskenborna mine, var søster til tanta mi.
    Ho kunne nok sine ting ho så det ville eg høyrt på :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ho hadde sitt eige fag på lærarskulen, og det var mitt yndlingsfag. Eg gjekk gjennom permane i vinter, og det er heilt utruleg kor mykje vi lærte.
      Ho var fagleg flink og svært dedikert til faget sitt - og glad i elevane sine, og vi i henne.

      Slett
  3. Synest den genseren du har på deg på bildet kler deg så godt at du må strikke ein slik til deg sjølv også. Eg skal love deg at handarbeid ikkje var mitt favorittfag......men strikke kan eg faktisk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser at genserane mine vert lite brukte, koftene derimot ...

      Slett
  4. Vaskar du desse strikkegensarane for hand eller i maskin?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har vaska dei for hand.
      Reine ullgenserar sim i Finull går det fint å vaske i maskina, men eg er skeptisk til å gjere det med desse garntypane.

      Slett
  5. Fine genserar! Du kledde veldig godt fargen på Tirilgenseren!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...