torsdag 19. januar 2012

Korleis koke ris?

 På skulekjøkenet kjøper eg sekker på fire kilo med ris.  Eg synest elevane kan lære seg å koke ris og poteter utan oppskrift.  Ris i små porsjonar koker ein enkelt med å koke opp dobbelt så mykje vatn som ris, ha i ris og litt salt.  Risen får koke på svak varme i 15 minutt før ein slår av plata.  Då held risen seg fin til resten av maten er ferdig.

Ein elev la inn protest. Det er mykje betre å koke ris i posar!
Slike posar med ris får ein attpå ein pose ferdiggrilla kyllinglår på Coop Prix denne månaden.  Tilbodet datt ned i korga ein dag eg tenkte at dette kunne vere noko for dei yngre kokkane i familien.

Eg veit ikkje kva blogglesarane synest, men eg synest desse posane er noko "dillete".  Dei må renne av seg, og så må dei klippast over, for så å ha risen i noko anna. Risen er grei nok, men restane eignar seg truleg ikkje til graut?  Eg kokte tre posar, men eg trur nok at to hadde vore nok.  Eg kokte nemleg også blomkål attåt.


Trekketida til denne poserisen er 15-16 minutt.  Viss du tek med den tida det tek å koke opp ekstra vatn, går nok vinninga opp i spinninga når det gjeld tidsbruk.

Med byggris er det litt annleis.  Der slepp ein å legge byggkorna i blaut over natta, og trekketida er mykje kortare enn koketida.

3 kommentarer:

  1. Inga sak å koke ris på gamlemåten, går ut frå at det blir billegare også. Å koke graut av Basmatiris, trur eg ikkje går så bra, men graut av jasminris er veldig godt.

    SvarSlett
  2. Tungvint og dyrt etter mi meining.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...