onsdag 25. januar 2012

Ei utfordring!

Øystein har starta ei utfordring på bloggen sin som han kallar DEAD NOVELISTS der han har utfordra folk til å kome med dei 10 beste (gamle) norske romanane.

Eg skal prøve å begynne på ei slik liste.  Men eg ser at eg har nokre klassikarar til gode.  Og så begynner eg å lure på om eg eigentleg likte Garborg. Ikkje var eg så glad i Vesaas heller.  Kanskje eg må ta dei fram att slik eg gjorde i fjor med Undset og Hamsun?

1. Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
2. Sigrid Undset: Trilogien om Kristin Lavransdatter. (1920-22)


framhald følgjer ...


Tek de utfordringa?


3 kommentarer:

  1. Eg har aldri likt verken Garborg, eller Vesaas eller Duun.Og eg torer å seie det rett ut.Men eg las heile Juvikfolket av Duun-hadde aldri orka det på papir, men på lydbok gikk det på ein måte. Hamsun, Undset og Bjørneboe derimot!

    SvarSlett
  2. Eg meiner eg las fleire bøker av Sigurd Hoel i si tid.

    SvarSlett
  3. Øystein vil ha lista kronologisk, ser eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...