tirsdag 31. januar 2012

Jakta på klassikarane

Øystein har fått inn mange Dead novelists-lister frå kollegaer og vener. Mange av dei har Sjur Gabriel øvst. Etter at eg hadde lese nokre lister, gjekk det opp for meg at listene var kronologiske.  Dety gjer det nok litt lettare.

Så kjem spørsmålet: Har eg lese Sjur Gabriel.  Ja, eg hugsar nok litt av denne - var det Oline? (Eg sjekka.  Det stemte...) I går var eg innom bybiblioteket og lånte lydboka.  Eg synest å hugse at replikkane var på dialekt.  Viss den er godt innlesen, trur eg det blir ei god lesar-, eventuelt lyttar-oppleving.

I pensum i tiande er det novella Karens jul  av Skram som er pensum.  Kvar gong eg les ho, får ho nye dimensjonar.  Dette er litteratur som står seg!

Attende på bygdebiblioteket bestilte eg Den fjerde nattevakt av Falkberget.  Den er omtrent sikker på at eg ikkje har lese.  Den neste på ønskelista trur eg vert Musikk fra en blå brønn, inspirert av Olga.  Eg har berre  lese utdrag av den til no.

Desse fem skal på mi liste:

1. Camilla Collett: Amtmandens døttre (1855)
2. Amalie Skram: Sjur Gabriel (1887)
3. Knut Hamsun: Markens grøde (1917)
4Sigrid Undset: Kransen(1920)
5. Sigurd Hoel: Møte ved milepælen (1947)


framhald følgjer ...

2 kommentarer:

  1. Eg trur ikkje eg får til noka liste, så eg vil ev. gi meg på det. "Sjur Gabriel" på lydbok er ei oppleving, i og med at opplesaren beherskar alle bergenske dialektar og sosiolektar. Eg har lese dei andre bøkene i serien også, hugsar ikkje om det var tre eller fire i alt. Amalie Skram er undervurdert, etter mi meining. Vesaas likar eg ikkje. Elles er det altfor lenge sidaner las klassikarane til at eg torer å sette opp liste. Amtmannens døtre er den kjedeligaste bok eg har lese til denne tid.

    SvarSlett
  2. Amtmannens døtre har sin sjarm - lesen ut i frå samtida. Falkberget fekk eg allereie i dag. Berre eg vert ferdig med Linn Ullmann.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...