søndag 8. januar 2012

Fire rydderettar

 Det er mykje snakk om rydding for tida.  Først og fremst skal jula ryddast ut.  Eg synest det var dumt å vaske reine dukar frå stova der vi ikkje et, så den vart flytta til kjøkenet.  Serviettar skal brukast, og lys skal brennast ned.  Mannen i huset tok vareteljinga i bokhandelen på Blåhuset, så fekk eg vere heime.  Eg har ikkje lagt på latsida, men unnte meg rett nok ein tur midt på dag medan sola skein.
Fredag dukka det opp ein justerapeut på Frukost-TV.  Ho laga ulike jusar som skulle vere godt for ulike sjukdomar og plager.  Eg kjøpte inn billege eple, ei ingefærrot og ein pakke raudbetar.  Frøkna og eg laga ulike jusar av frukt frå jul.  Då er den rydda ut av kjøleskåpet, og ferske varer kan kjøpast inn.  Ingefær gav forresten, i små mengder, ein frisk smak til jusen.

I går laga eg spagettisaus.  Då fekk eg rydda ut litt selleri, tomatar og paprika.  I dag har vi hatt brennsnut.  Krafta kokte eg på salta kotelettbein, litt selleri og løk.  Då fekk eg brukt dei norske grønsakene.  Av rømme- og fløyteskvettar har eg no laga ei vaffelrøre.

No har eg fått ei oversikt over kva eg har i kjøleskapa og kan handle inn det som trengs ...

4 kommentarer:

  1. Ho justerapeuten var no i overkant entusiastisk...men det er sikkert veldig sunt, sjølv om eg reagerte på uskrella raudbetar m.m. Må vi gå til innkjøp av denne juspressa?
    I kveld har eg vore på kjempegod film, sjå facebook. Elles så svitsjar eg mellom Knausgård på lyd og Kjetil Bjørnstad på bok, gode bøker begge to.
    Jula blir vel rydda ut i mårå, kanskje...

    SvarSlett
  2. Eg har ei slik juspresse, så her er det berre å ta den fram. Eg har drive og skrelt alle grønsaker, men sidan det berre er jusn ein er ute etter, er det ikkje sikkert det er nødvendig.
    Elles lurte eg litt på lengda på den utdanninga.
    Eg meiner Simon og eiketrærne har vore på ein blogg som lydbok, men eg har ikkje lese den.
    Mykje krim her. Pssar godt når det er travelt på jobb.

    SvarSlett
  3. Takk for kommentar :-)

    Fekk lyst på JUS. Heiter det JUS på nynorsk? ;-)
    Ha ei fin veke! :-)

    SvarSlett
  4. jus, skvåsj og teip er tillatne former, ja. Eg skriv dei litt for å "irritere".
    ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...