mandag 16. januar 2012

Bok 4: Kongens hjerte

Historia i boka er oppdikta, men byggjer på ei historisk hending.  Ti nordmenn vert sendt til sjukehus i Danmark med såkalla radesyke.  Slik eg forstod det, overlevde seks av dei.

Ein far som har misst kona si og eine barnet, tek med seg den sjuke døtra si på  denne reisa til Köbenhavn.

Forfattaren skildrar på ein heil spesiell måte denne turen.  Han bruker få namn.  Det er spedbarnet, kvinna og legen.  Det gir forteljinga eit eventyrdrag. Mannen i forteljinga stiller også spørsmål som ingen svarer på.  Vi vert sett i ei heilt spesiell stemning.  Eg synest forteljestilen liknar på den i Vegen (The road).

Kva er så radesyke?  På Wikipedia vert ein omdirigert til syfilis.  Då tennene begynte å dette ut, begynte det å likne mine utlegningar om skjørbuk.  I denne artikkelen kan ein lese om Deegen som var radesykelege.

2 kommentarer:

  1. Denne boka har eg lyst til å lese. Vi er litt svake for denne forfattaren her i huset!

    SvarSlett
  2. Eg manglar ein CD av ei anna bok av forfattaren. Elles så gløymde eg å legge til at folk ryggar bakover her og.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...