onsdag 4. januar 2012

Kan ein rygge bakover?

Ja, kva anna veg kan ein rygge?  Det er vel det første ein tenkjer.  Og det er poenget.  Men uttrykket dukkar om i omtrent kvar einaste krimbok eg les.  Akkurat no les eg Lahlum.  Han har ikkje nytta uttrykket - til no.

Eg har lufta spørsmålet med ein norsklærar utanom slekta.  Han meinte at ein ikkje kan rygge bakover med bil, men ein person kan rygge bakover. Uttrykket er innarbeidd. Lier bruker uttrykket slik i I bunnen av himmelen. Forfattaren i artikkelen om pleonasmar på Wikipedia kallar det ein døme på ein direkte feil.  Men det er vel ofte sli at om ein gjentek ein feil ofte nok, vert det rett?

Elevar kranglar ofte når eg tek opp temaet.  I år var det ein som fekk amputert vekk foten i ein tekst til dømes.

Det er populært med Quiz for tida.  Har du prøvd denne?  Eg vil tru der er litt å lære for dei fleste av oss!

Tekstane i illustrasjonen er tatt frå ei avis som låg i postkassa i dag.

3 kommentarer:

  1. Eg arresterer stadig far din når han vil rygge bakover. Prøvde kvissen, og ser at ogse eg har noko å lære.(Og det kan er, blir aldri for gammal)

    SvarSlett
  2. Og etter at eg har lagt inn kommentaren, ser eg feila her også.

    SvarSlett
  3. ;-)
    Dessutan ekkel lyd når ein tek feil ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...