fredag 13. januar 2012

Festfiskebollar

Inger kallar denne retten "Fest med fiskebollar".  Ein ungdom eg har med å gjere meinte at arbeid+glede ikkje høyrde saman.  Eg har litt problem med festfiskebollar og kvardagskake, for å seie det sånn.  Viss ein laga fiskebollane sjølv og serverte dei i rekesaus eller liknande, kunne det kanskje nærme seg selskapskost. Eg serverte retten med pasta i dag.  Men ein kunne og hatt brød til, gjerne focaccia.

Det er elles mykje snakk om middag til under hundrelappen for tida. Denne retten bikkar nok ikkje 40.  Ein fiskebolleboks får ein for ein tikronar og ein tomatboks for ein femkronar.  Så spørs det om ein har løk og selleri i hus.  Det hadde eg.
2 små løk
2 stilkar selleri
olivenolje

1 boks tomatar
1 båt kvitløk
1 ts provencekrydder
2 krm sukker
1 krm salt
1 krm pepar

1 boks fiskebollar (ikkje krafta)

1. Surr løk og selleri i litt olivenolje.
2. Ha i tomatar, pressa kvitløk og krydder.
3. Lat sausen småkoke nokre minutt før du har i fiskebollane.
(Om ein vil, kan ein sikkert bruke stavmiksaren før ein har i fiskebollane)
4. Ha i oliven og friske urter om du har.

3 kommentarer:

  1. Godt med fiskebollar :-)

    Flott hue du har laga!

    God helg!

    SvarSlett
  2. Brukar du fiskebollar frå boks?(hermetiske) Går ut i frå at du har smakt fiskebollane til Volda fiskemat..(?) Er dei frå boks sånn nokelunde like bra som dei lokalproduserte? Kva meiner du? Eg har ikkje smakt dei frå boks, eg held meg til dei frå Voldafiskemat! Mvh.Ingrid

    SvarSlett
  3. Eg har alltid eit par fiskebolleboksar på lager. Det er greit å ty til når ein ikkje har planlagt noko anna. I denne retten ville eg ikkje ha spandert dyre fiskebollar. Vi bruker vanlegvis to... Elles har eg vakse opp med fiskebollar på boks, så eg liker dei godt. Men her må folk gjere som dei vil!
    Denne retten tenkte eg ville falle i smak hos studentar og andre med slunken lommebok i januar...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...