tirsdag 3. januar 2012

Herrehue

No har eg strikka to slike huer i garnet Alfa med pinnar nummer 6.  Eg la opp 84 masker og strikka 15 omgangar.  Deretter felte eg til 80 maskar og strikka til hua var 16-17 cm.  Fellinga gjorde eg enkel: 3 masker og 2 saman, strikk 3 omgangar rett, så 2 rette og 2 saman, strikk 2 omgangar, 1 maske og 2 saman, strikk  1 omgang, 2 og 2 saman til slutt til eg hadde 8 masker.

Karane ville ha tettsittande huer utan brett, og det fekk dei!

3 kommentarer:

  1. Grei hue. Det er bra at dei unge går med hue-i alle fall ute.

    SvarSlett
  2. Fordel at dei er tjukke, då. Eg ser ikkje at elevar sit med hue inne lenger d.v.s. det irriterer meg ikkje, stort sett. Hetter og boblejakker derimot ...

    SvarSlett
  3. På skulekjøkkenet kan det vere ein fordel. Då burde dei imidlertid vere tynne og glatte.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...