tirsdag 12. juni 2012

Treng ein tørketrommel?

 Mange meiner dei ikkje treng tørketrommel, men eg ville ikkje ha vore utan.  Det vil seie, det er vel det eg har vore siste året.  Den gamle har gått for halv maskin, så eg var ikkje lei meg då den stod i sju steinar for eit par veker sidan.

Det nye vedunderet ha såkalla varmepumpeteknologi. Sidan vaskerommet mitt er lite, merkar eg godt at trommelen bruker mindre straum.  Og så er det godt at kleda er 100% tørre!
Den nest største fordelen med å ha tørketrommel, er at ein bruker berre den øvste delen av bunken med handdukar til dømes. Då borna var små, greidde ein seg med færre klesplagg i kvar storleik.

Elles har eg merka meg at både vaskemaskiner og tørketromlar har større kapasitet enn før.  Denne skal ta 8-9 kg tøy.

7 kommentarer:

  1. Eg har aldri hatt, og har trudd eg sku greie meg utan. Men fekk vite at for å vaske sengeputer etc. må ein tørke i trommel med tennisballar...Jaja, godt å vite for ei gammal husmor.

    SvarSlett
  2. Eg kjøpte min første for snart 25 år sidan. Ein sparer seg mykje arbeid! Alt av dun er best å tørke i trommel. Eg gjorde det til nokre dei første åra.

    SvarSlett
  3. Eg var utan i 2 1/2 år, det håper eg at eg slepp å oppleve att. Ein sparer mykje ved å ha færre klesplagg og handdukar, og barnekleda held betre på fasongen og vert mjukare. Min nye er ikkje så avansert som din, men den fungerer fint og tørkar kleda/varmar opp kjellaren.

    SvarSlett
  4. Var utan ein del år. Men forstår ikkje no korleis eg/vi klarte oss utan. Brukar den mest til handdukar og sengeklede. Er utruleg mykje klede som ikkje eignar seg for trommel, diverre. Din var no riktig så lækker.
    Gratulere!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Einig! Eg bruker min til klede eg ikkje er redd for og berre bomull, men med ein stor familie, går trommelen eit par gonger for dag.

      Slett
  5. Det var ein her i huset som ville ha ein annan type. Då truga eg med å legge meg bort i framtidige bilkjøp ...
    Men han likte godt denne når den kom i hus. Den må nok bruke mykje mindre straum enn den førre. Hadde vaskerommet vore større, hadde det ikkje spelt noko rolle.

    SvarSlett
  6. Fekk lyst på tørketrommel, sukk....

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...