mandag 11. juni 2012

Rabarbra- og jordbærkompott

Til denne helga kjøpte eg inn frosne jordbær for å bruke saman med rabarbra til kompott.  Eg kokte 500 g jordbær og 500 g rabarbra ikkje lenger enn at der var bitar att.  I tillegg hadde eg i 2 dl (NB! Prøv deg fram - gjerne med 3 dl) sukker. Dette vart ein syrleg kompott.

Når ein ikkje har potetmjøl i kompotten, held han seg lenge i kjøleskåp.  Viss ein frys ned kompott eller sylte, får ein berre passe på å ikkje ha for mykje i glasa.

Som de ser serverte eg krem og vaniljekrem til kompotten i går.  Eit anna tips kan vere å servere små porsjonar i glas.  Då er det lett å setje på lok og setje i kjøleskåp.  Det kan hende at nokre av mine unge lesarar ikkje har skåler?


4 kommentarer:

  1. Ein dag eg føler at vi fortener dessert skal eg koke rabarbra i resten av krydderlaken frå skogsbæra- Elles skal eg lage syltetøy av rabarbra og tørka aprikos. Men først må eg kjøpe inn fruktsukker.

    SvarSlett
  2. Gløymde å skrive at desserten din såg ndelig ut.

    SvarSlett
  3. Det ser aldeles fortreffeleg ut.
    Rabarbraene her på garden er så tynne i år, og eg som gjødsla litt også :( Kanskje difor ??
    Eg lyt spørje svigermor om å få nokre stilkar.
    Takk for tipset !

    SvarSlett
  4. Eg får prøve med krydder også. På frukost-TV kokte Wenche kanelstang saman med rabarbra. I denne desserten er der vanilje i både krem og vaniljekrem.
    Det skal ikkje så mykje rabarbra til når ein blandar den med anna frukt, både svisker og aprikosar er god kombinasjon.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...