tirsdag 26. juni 2012

Ferielektyre

Eg har hatt meg ein runde og levert inn og lånt nye bøker til ferien.  På bybiblioteket fann eg ei bok eg meiner å ha sett på ein blogg. Fangsten var litt større her i bygda denne gongen.  Eg er spent på boka nede til venstre.  Forfattaren var intervjua på Frukost-TV då ho vann Nordisk råds litteraturpris.

Elles ser eg med glede at Cappelen Damm satsar på klassikarar.   Der låg og ei bruksrettleiing på nett på korleis ein skulle importere MP3-bøker til I-tunes. Det var ikkje noko problem!

3 kommentarer:

  1. Mississippi er ein av dei få bestseljarane eg har likt. God bok!

    SvarSlett
  2. Eg har også vore på biblioteket, om enn berre på Hareid! Eg enda opp med Sult og Victoria av Hamsun,Korset og Husfrue av Undset, Vildanden av Ibsen og Beatles av Christensen... ;)

    SvarSlett
  3. Anca: Du har funne mange gode klassikarar. I tillegg har dei Lucie av Amalie Skram. Eg har vorte overraswka over kor godt og aktuelt desse forfattarane har skrive.
    Håper eg og liker Mississippi, Besta. Bo har eg begynt på Ildmannen+ein amerikansk krim for å skjerpe engelskkunnskapane.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...