lørdag 30. juni 2012

Smögen

 I dag vakna vi til litt grått ver.  Då fann vi ut at vi kunne ta oss ein tur til Smögen.
 Vi heldt oss unna E6 og køyrde kystvegen.  Det kan eg trygt tilrå.  Det er mange koselege stader å sjå langs vegen.
 I Smögen står husa tett, og gatene er smale.
 Der er mange sjarmerande hus.
 Bilar må ein parkere utanfor byen.



 Men mest kjent er kystbyen for den lange brygga.






 Til slutt må eg ta med eit bilde av ein liten kosehund. 
Då vi forlet Smögen, skein det opp.  I ettermiddag har vi kosa oss i sola.

1 kommentar:

  1. Mange perler på Sveriges veskyst, men sist vi køyrde der høljregna det og alle campingplassane var fulle av gjørme. Vi hamna på hotell i Uddevalla.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...