Viser innlegg med etiketten Komfyrar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Komfyrar. Vis alle innlegg

fredag 19. august 2016

Toppmoderne for 100 år sidan

 
Medan andre angrar på det gale dei gjer, angrar eg av og til på at eg ikkje har gjort noko ulovleg. Då vi var her, kom eg på komfyren eg såg på eit tilsvarande museum med fotoforbod i fjor.  Eg har angra sidan ...

Eg satsar på at grunnen til at det er fotoforbod, er at omvisingane ville tat dobbelt så lang tid. Dessverre fekk eg ikkje med kokeplatene.  Eg vart mest fascinert av krana oppe til venstre.  Eg veit det var innebygd varmtvasstank i nokre modellar.  Det hadde sjølvsagt vore interessant med meir informasjon om omnen, men eg turde ikkje spørje.  Eg rekna med at dei andre ikkje hadde same sære interesse ...

onsdag 17. august 2011

1950-talet

Denne godt ivaretekne komfyren står i eit moderne miljø på butikken Landhandelen i Ørsta. det er ein Grepakomfyr med to plater.

Mormor hadde ein slik komfyr i Ålfotehuset på Nordfjordeid i 1953. Det var tenesteleilegheiter til sjukehuset, og ho budde der til ho vart pensjonist i 1974.  Eg har vage minne om kjøkenet der komfyren stod.  Besta kan svare på om der ikkje hang ei blåmønstra kaffikvern til venstre for han?

Platene var treige på desse komfyrane.  I skuffa kunne ein halde maten sånn nokonlunde varm.  Steikomnen var ikkje termostatstyrt, så ein måtte sjølv passe på å slå opp eller ned temperaturen med brytar.

Neste gong eg er i Ørsta, skal eg ta meg ein tur inn og studere komfyren nærare.   Her skreiv eg litt om ein liknande komfyr.

Blogglesarar må gjerne sende meg bilde av komfyrar og fortelje om dei, viss dei då ikkje vil legge dei ut på sin eigen blogg.

mandag 15. august 2011

Frå årestove til peis

 Fram til 1700-talet var det vanleg med årestover. Ein hadde ein open eldplass midt i rommet, og ei luke i taket der ein kunne sleppe røyken ut.
Her ser de at ein kunne late att luka, eller ljoren som den vart kalla.
Seinare bygde ein peis og skorstein.  Gryta hang eller ein kunne sette ho bort på glørne. Her heng vogga i taket.
Ein kan omtrent tenkje seg kor tett folk budde.
Her har ein nok hatt betre råd, men vogga og senga er ikkje langt frå eldstaden.
Kva med brødbaking?  Slik eg forstår det, skjedde dette i eldhus med murte steikomnar.  Men slike omnar hadde ikkje alle. Nokre fann på å lage grytebrød, eller grytekake som dei kalla det.  Andre steikte brød mellom to takker.  Men mjølet var ikkje alltid godt til brød, så det vart mykje grauteting.

Bilda er frå Maihaugen.

mandag 8. august 2011

Vedfyrt steikeomn

Denne stod i eit av husa i bygården og var i bruk den dagen vi var på Maihaugen.  Nokre born hadde sanka egg, og så stod der ei husmor og vaska opp etter at dei hadde ete pannekaker.  Krana nede til venstre reknar eg med er til ein innebygd varmtvasstank.    Miljøet var frå mellomkrigstida.

70- og 80-talet

 På 70-talet då foreldra mine bygde og innreia hus, var det populært med farge på kvitevarene.  Heime hos oss var dei raude som på bildet under.  Også dei andre roma i husa på Maihaugen var innreia heilt tidstypisk.  Legg merke til dei emaljerte pannene og oppskrifter i ein plastboks.

Komfyrar

Mi noko sære interesse for komfyrar starta då eg skaffa med nokre kokebøker frå ulike stader i landet. Bøkene inneheld gjerne ein del historie.  I ei av dei las eg at den vedfyrte steikeomnen som eg trudde var eldgamal, først vart vanleg i heile landet etter 1900.  I historisk perspektiv må ein seie det er ein kort periode før den elektriske kom.  Desse to omnane stod gjerne side om side i mange heimar.  Straumen kunne gå, og om vinteren varma den vedfyrte.

Kva steike- og kokemulegheiter ein har, er sjølvsagt viktig for kosthaldet.  Når folk snakkar om husmannskost akkurat som om det er noko vi vil attende til, så vert det nok mykje graut!  Tallerkar var mangelvare, og gaflar vart ikkje vanleg før ut på 1900-talet.  Ein åt av same fatet med kvar si skei.  Mykje av dette vil eg kome attende til med kjeldetilvisingar.

Komfyren over er min eigen, ein heilt vanleg kvit komfyr med keramisk topp. Den kan sikkert representere tiåret 2000-2010.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...