mandag 28. august 2017

Bok 33: Washingtondekretet


En tidsaktuell thriller med et tankevekkende og realistisk bakgrunnsteppe.

Det amerikanske presidentvalget er inne i sin siste fase. Doggie Rogers, en av de nærmeste medarbeiderne til Demokratenes kandidat Bruce Jansen, er på vei for å feire den historiske valgseieren. Plutselig lyder skudd, og Jansens høygravide hustru blir drept. Doggie er i sjokk, ikke minst fordi hennes far blir anklaget for drapet.

Bruce Jansen trer inn i presidentembetet som en dypt bitter mann. Han mister sin sunne dømmekraft, og blir dermed et perfekt redskap for krefter som arbeider ut fra sin egne skjulte agenda. En liten gruppe medarbeidere anført av Doggie, som nå blir USAs mest ettersøkte kvinne, forsøker å avsløre komplottet som det amerikanske samfunnet er utsatt for. Alt hviler på Doggies skuldre.

Dette er en frittstående lydbok, og ikke en del av Adler-Olsens serie om Avdeling Q.


Dette er ein lang roman, noko ein sjølvsagt ikkje bør klage på, men for meg vert han langdryg. For å kome nokon veg har eg plukka bær...  Til tider har eg funn romanen spennande.  Sjangeren politisk thriller er nok ikkje mitt førsteval når det gjeld litteratur. Avdelin Q er nok heller "my cup of tea".

søndag 27. august 2017

Post 14: Skeidshornet





Då vi skulle gå ned frå Kjellstjønna, følte vi begge at det var for tidleg. Så vi bestemte oss for å ta posten på Skeidshornet. Det vart ein time vandring på flat veg.

Post 13: Kjellstjønna

I dag bestemte vi oss for berre å ta ein liten tur sidan eg nettopp hadde gått ein langtur,
Valet fall på Kjellstjønna, ca. 35 minutt frå kraftverket i Ulsteindalen. 

Post 12: Skafjellet



Som ein bonus på skuleturen tok eit par av oss ein liten avstikkar opp på Slafjellet der det er ein Hareidstrimpost.

lørdag 26. august 2017

Kefirkake med sjokolade- og ostekrem

Eg har lova blogglesarane å kome sterkare attende med matoppskrifter når eg får ny kokebok til skulekjøkenet.  Torsdag låg dei i gangen på skulen, så måndag får eg begynne å gi dei vekk til niandeklassingane.  Det er ei glede. 
 
Det som også er nytt, er at ho ligg på nett.  Dermed kan alle finne og bruke henne.
 
Eg laga ei skuffekake i går som eg hadde krem på i dag.  Slike kefirkaker er raske å lage.  Ein fordel med denne er at botnen er laga på vekt.
 
I dag fekk først nokre damer smake kaker.  Dei likte kaka godt, eller så var der berre høflege.  I Ørsta fekk eg mellom anna testa den på ein i målgruppa, ein niandeklassegut, og han tok fleire smaksstykke.  Eg er ikkje heilt samd med meg sjølv om kva eg synest om kremen.  Åleine smakte han noko salt, men han var betre på kaka.
200 g margarin eller smør
1 l kefir
500 g sukker
500 g  kveitemjøl
4 ts natron
4 ts malt kanel
3 ts malen kardemomme
1 ts vaniljesukker

Sjokolade og -ostekrem:

200 g kremost naturell
150 g smør
5 dl melis
2 ss vaniljesukker
ca 2 ms kakaopulver (Eg brukte 4)

Slik gjer du:

  • Sett steikeomnen til 180 °C og legg bakepapir i langpanna.
  • Smelt smøret og avkjøl til det er omtrent fingervarmt.
  • Ha kefir, sukker, kveitemjøl, natron, kanel, kardemomme og vaniljesukker i ein bakebolle. Hell over avkjølt smør og rør alt sammen til ei jamn og klumpfri røre.
  • Fordel røra i langpanna og steik kaka på nedste rille i steikeomnen i ca. 35 minutttil ho er gjennomsteikt.
  • Legg ei rist over langpanna. Bruk gryteklutar og snu alt opp-ned, slik at kaken ligger på rista. Fjern bakepapiret på kefirkaka og la den avkjøle.
    (Dette punktet hoppa eg visst over...  Eg let ho ligge i forma over natta.) 
  • Pisk kremost, smør, melis og vaniljesukker med en handmiksar til du får ein glatt krem med     smørbar konsistens. Rør inn kakaopulver til ønskt farge og smak.

Kokeboka finn de digitalt her.  De kan søke etter oppskrifter.

fredag 25. august 2017

Skuletur


I går la vi ut på overnattingstur med tiande. Turen gjekk frå Ulsteindalen og til Mosvatnet der vi overnatta. I dag gjekk vi heim og ned på Bjåstad. Vi hadde sol, men vinden gjorde at det vart noko kaldt å vere ute om natta. 

Ein slik tur utløyser noko kviletid i etterkant...


tirsdag 22. august 2017

Tysdagsturen ...

...gjekk i dag til Brandal. Det er godt med rutinar.  No satsar vi på at vêret varer.

lørdag 19. august 2017

Gjenbruk, brukt og billeg

Førre laurdag stakk vi innom Gjenbruk i Ørsta.  Der fann eg ei brødbakemaskin, ei slik som eg har hatt tre av før.  den siste fekk yngstemann fordi han hadde slite ut broren si.  Eg trudde maskina var ubrukt, men ved nærare ettersyn trur eg ho var brukt ein gong.  245 kroner var reine røvarkjøpet!

I dag gjekk eg forbi brukt og billeg på Hareid.  då kom eg på at det var ei stund sidan eg hadde vore inne der.  I dag fann eg nokre eksemplar av det eg leitar etter.

mandag 14. august 2017

Bok 32: Kvinnen med fødselsmerket




En kvinne følger sin mor til graven. Under falskt navn og med nytt utseende reiser hun til en annen by. Hensikten er å drepe. Sitt første offer skyter hun to ganger i brystet og to ganger i skrittet. Hun har på forhånd avspilt en gammel melodi i telefonen. Neste drap skjer på samme måte. Mordene er bortimot perfekt utført; ingen vitner, ingen støy, ingen spor. Men hva er motivet? Hva betyr musikken som ofrene får høre før de blir drept? Motvillig graver førstebetjent Van Veeteren stadig dypere i en sak som har sitt utspring langt tilbake i tid.

Denne romanen lånte eg og før Italiaferien. Eg var redd for å mangle lesestoff ...  Det var noko kjent med tittelen, så eg var redd eg hadde lese han før.  Men det har eg nok ikkje gjort.  Mot slutten kjende eg att nokre scener.  Eg har heilt sikkert sett filmatiseringa av romanen frå 2001.

Største spenninga i romanen er om seriemordaren greier å ta livet av dei ho har bestemt seg for å myrde.  Dei komande ofra prøver å ta henne først. 

Eg har tidlegare hevda at Håkan Nesser skreiv betre etter kvart som han vert eldre.  Der er eg framleis samd med meg sjølv.



Bok 31: Lycke

En regntung dag i mai forsvinner åtte år gamle Lycke utenfor Kungliga Tennishallen i Stockholm.

Ellen Tamm, en ung og ærgjerrig journalist i TV4, får i oppdrag å følge saken. Det er få spor, og Ellen synes ikke politiet gjør nok for å finne jenta. De kommer heller ingen vei med Lyckes skilte foreldrene, som svarer unnvikende på spørsmål fra politiet og presse. Moren er kald og likegyldig, faren skjuler noe, stemoren virker sjalu og selvopptatt. Barnepiken er trolig den som kjenner Lycke best.

Ellen blir nærmest besatt av å finne Lycke. Saken som vekker smertefulle minner fra hennes egen fortid, gjør at Ellen er i ferd med å miste kontrollen. Med Lycke-saken dras hun inn i en verden av familiehemmeligheter, løgner og svik, og på veien tvinges hun til å konfrontere sine egne demoner.


Ja, kva skal ein seie?  Med to ord: Klisjefylt og føreseieleg.  Romanen fungerer som underhandning, men her er lite nytt...

søndag 13. august 2017

Maya love og Tirilgenseren

 I dag reiste Olaug attende til Bergen.  Med seg i kofferten hadde ho to genserar.  Den ho sjølv har på seg, har eg kjøpt som strikkepakke på Garnius. Eg er spent på garnet som heiter Drops air.  Genseren skulle strikkast litt kortare og dampast.  Det første gjorde eg, og så vaska eg plagget.  Genseren vart passeleg, men ikkje stor.  Eg tippar han kan finne på å sige litt. God og mjuk er genseren i alle fall.

Det er nokre ting eg er veldig stirrig på.  Eg dampar t.d. aldri strikkeplagg.  Handarbeidslæraren vår på lærarskulen, Margot Sundgot, lærte oss at strikka plagg vart flate om ein dampa dei, så det skulle ein ikkje gjere.  det sit i meg enno.
 
Eit anna genserønske i sommar var Tirilgenseren.  Garnet er frå Sandnesgarn og er børsta alpakka. Her er eg modell.  Vi skulle ha tre damer på eitt bilde, men etterpå vart vi samde om kvar sitt bilde av oss sjølve... Genseren er litt liten til meg, som de ser.  så det er bra ho er ein storleik mindre.

Vi får håpe at ho ikkje får bruk for så tjukke genserar med ein gong.

lørdag 12. august 2017

Ørsta


I dag ville vi rekke nokre vanlege butikkar i Ørsta. Eg liker best å handle når der er lite folk. I dag var der kamp om parkeringsplassane og kø når ein skal betale.

Så gjekk vi opp i Vikegata, altså gågata. Der var det heilt daudt! Det er trist å sjå tomme  lokale der fet før var sentrum. Eg veit kvar eg skal parkere ein annan gong. 

Øystein hjelpte mor mi med eit tre medan eg prata med far min. Det kan de lese om på hennar blogg.

fredag 11. august 2017

Mikagenser til Birte

I dag har vi hatt fotoøkt i hagen.  Eg hadde så lyst å ta bilde av genserane eg har strikka til jentene i vår og sommar.
 
Først ute er Mikagenseren frå Bystrikk som eg strikka i vår til Birte. Eg løyvde ganske mykje garn frå Saragenseren, så eg fekk brukt det i tillegg til tynn alpakka. Eigaren har brukt genseren mykje. 
I boka er genseren strikka ovanfrå og ned. Så då måtte eg gjere litt om på oppskrifta.  Det har hendt meir enn ein gong at eg synest genserar vert for vide i halsen.  Det kan ein lett gjere om på dersom ein strikkar rette vegen. 
I staden for å notere på ark og i hefter bruker eg no strikkedagboka eg fekk til jul.  Eg trur eg vil forstå mi eiga oppskrift om eg skulle finne på å strikke ein genser til ein gong i framtida ...

tirsdag 8. august 2017

Jålepotter?

Fredag fornya eg urtene mine då eg var i Ørsta.  To av dei, ein sitronmelisse og ein timian, hadde eg hatt sidan eg kjøpte pottene. Dei har flytta ut i åkeren. Rosmarin og ikkje minst basilikum, har eg skifta ut før. 

Eg hadde ønska meg slike potter til det nye kjøkenet.  Men eg fekk prissjokk då dei ville ha 350 kroner for kvar på Kitch'n..  Det sa eg vel og, for dei leita fram nokre til halv pris.  Då slo eg til.

Det eg var mest spent på, var om patenten verka.  Der er tau som ligg rundt nede i potta og to som stikk ned i vatnet.  Det beste av alt er at ein ser kor tid ein må fylle på meir vatn.

Eg er godt nøgd med pottene.  Dei er praktiske og funksjonelle.  Er urtene av god kvalitet når dei kjem i hus, varer dei lenge.

søndag 6. august 2017

Bok 30: Ned til hundene


 

 En kvinne med rullekoffert går av bussen et sted på Sjælland. Hun er en forfatter som har forlatt sin mann og leter etter et godt sted å gråte. John og Putte, to vennlige fremmede, tar henne med hjem og innlosjerer henne på hjørnesofaen i stua. John og Putte sliter begge med whiplash etter en bilulykke og må klare seg med småjobber. De passer hundene til Puttes onkel, mens han er innlagt på sykehuset. Puttes bror Ibber bor også i nærheten. Og så er det den eldre kvinnen ved siden av, Elly, som har bruk for hjelp innimellom. John og Puttes liv er på en og samme tid trygt og fremmed. Og det rommer en historie, som bare langsomt avsløres for kvinnen med rullekofferten.        

Dette er ei lita bok, på berre 3 CD-ar. Forteljestilen er spesiell.  Her må ein lese mellom linjene.  Eg ser at mor mi las den to gonger.  Eg har vore inne på tanken ...   
(Her få blogglesarane lese mellom linjene.)     

Bok 29: Tørst


Et drapsoffer blir funnet i sitt hjem med bitemerker i halsen. Kroppen er tappet for blod. Kan det være vamyprisme - et svært omdiskutert felt i psykiatrien. Tidligere etterforsker Harry Hole vet bedre enn noen at flere av krimhistoriens verste seriemordere har vært diagnostisert som nettopp vampyrister. Men Harry har et annet motiv for å bistå politiet - morderen som slapp unna.

Eg fekk akkurat lånt, rippa og levert inn att romanen før eg for på ferie. Det er akkurat slik litteratur som er grei på stranda!  Harry Hole har no begynt å undervise, og livet er for godt til å vere sant.  Det kan ikkje vare.  Så vert Rakel brått dødssjuk samtidig som ein seriemordar slår til.  Romanen er ein god mix mellom krim og privatliv.  Oppskrifta er som før: Mordaren er ein av dei vi har blitt kjendt med.  Harry Hole skal så vidt berge livet. Romanen innfridde.

torsdag 3. august 2017

Siste dag i Ostia



Olaug og Alexander tok over leilegheita i Roma då vi for vidare til Ostia. I dag kom dei utover. Vi leigde oss solsenger og bada og sola oss nokre timar før vi åt middag oppe i gågata. 

I morgon set vi nasen heimover. Når vi har sveitta skikkeleg her, har eg tenkt på gåturen frå flyet og inn på Vigra. Der er ein garantert sunnmørsver - og ei kjensle av at sommaren er over. Men er vi heldige, kan vi få nokre sommardagar heime... 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...