mandag 29. august 2016

Syltetøy steg-for -steg

Besta har ein del plommer i hagen. I går var eldstemann der og plukka. Fleire kan få, seier ho.  Kanskje nokon får lyst til å lage syltetøy sjølve?  det er ikkje vanskeleg!
 
Du må kjøpe sukker syltepulver.  Eg brukte 1,2 kg sukker og to pakkar syltepulver til 3 kg. 
 
Bruk oppskrifta på syltepulverpakken.  Eg anbefaler grøn certo/fruktpektin.  Det var ikkje det eg hadde i dag.
 Rens bæra eller frukta.  Plommer kan ein dele i to og ta ut steinane. Då slepp ein å fløyte dei ut seinare.
 Kor plommene møyre. Her må ein passe på! Eg hadde på kokeblomen og let plommene koke på svak varme.
Les på pakken om du skal ha syltepulver eller sukker i først.

 Ha i sukker, ca 4 dl pr kg bær.  Kok opp.
Aus syltetøyet på reine glas.  bruk ei trekt om du har. Fyll dei fulle og set glasa opp-ned.

Plommeplukkaren skal få seg nokre glas som han kan bruke til havregryn og mjølk!

søndag 28. august 2016

Garnestua


Fjelltur i strålande haustver.


Og eg kan notere det ellevte namnet - som stod på Hareidstrimposten.

torsdag 25. august 2016

Bok 33: Sannheten om Harry Quebert-saken

Den unge stjerneforfatteren Marcus Goldman drar på besøk til sin gamle venn og mentor, forfatteren Harry Quebert, for å få hjelp med en plagsom skrivesperre.Kort tid senere finner politiet liket av en ung jente nedgravd i hagen til Harry, og han pågripes for mord. Marcus er overbevist om sin venns uskyld.Han starter sin egen etterforskning, og begynner å skrive en bok om saken. Gradvis avdekkes et komplisert nett av hemmeligheter, og mange uventede og nervepirrende hendelser inntreffer før den dramatiske sannheten til slutt kommer for en dag.
Hvem drepte Nola Kellergan? Hva skjedde i New Hampshire sommeren 1975?Og hvordan skriver man egentlig et mesterverk?

 
Eg oppdaga at eg hadde liggande ei bok på datamaskina merka som Harry.  Då eg sjekka litt vidare, viste det seg at det var den første boka av Joel Dicker.  Eg har nok lagt den til side fordi den var på 17 CD-ar.  Det har tatt si tid.

Romanen er skriven på same måten som "Boka om Baltimorefamilien". Ein vert presentert for ei historie, så vert ho gradvis omskriven heilt til ein står der med sanninga. 

Eg forstår godt at dette er ein bestseljar! Romanen er spennande og tek stadig nye vendingar.  Når det er sagt, så trur eg og at eg må ha ein pause frå denne forteljarstilen ...

onsdag 24. august 2016

24.august

 
 
Så har vi kome til midt i veka i første skuleveka. Eg trur det vert eit godt år!
 
Måndag var det ny folkerøysting om kommunesamanslåing her i bygda.  Eg plar ikkje gå ut med politiske meiningar på nett, men denne gongen har andre familiemedlemer sagt og skrive sitt. Om vi er ueinige i andre saker, så står vi saman her.  Resultatet var vi godt nøgde med. Eg var mest glad for at det vart så tydeleg. Berre 40% ville slå seg saman med Ulsteinvik.
 
I går greidde eg å legge att mobilen på jobb, så det vart ikkje tatt bilde på den flotte fjellturen vi var på i Ulsteinfjella. tysdagsturen vart ekstra lang.

Dagens bilde får illustrere den nye kvardagen. Eg har ikkje brukt kupongane enno.  I sommar var det ei i køen på butikken som utbraut: "Kva slags familie er det ho der handlar inn til?".  For å ikkje halde fram å handle inn til heile storfamilien, har eg bestemt meg for å handle mat torsdagane med eventuelt litt påfyll måndag og/eller laurdag, alt etter om vi får besøk eller ikkje.

søndag 21. august 2016

Suvenirar frå Mårbacka

Dei som kjenner meg veit at eg er svak for handdukane frå Linneaspinneriet.  Den til venstre har motiv frå Nils Holgersons forunderlige reise.  Boka var eit bestillingverk.  Ho skulle skrive ei lærebok i geografi.

På Mårbacka var der ein påfugl i ei innhegning.  Den minte meg om påfuglen på Nordfjordeid i min barndom.. Det var alltid spennande å sjå om han viste fjørene.

No skal eg vaske handdukane og ta dei i bruk. 

fredag 19. august 2016

Toppmoderne for 100 år sidan

 
Medan andre angrar på det gale dei gjer, angrar eg av og til på at eg ikkje har gjort noko ulovleg. Då vi var her, kom eg på komfyren eg såg på eit tilsvarande museum med fotoforbod i fjor.  Eg har angra sidan ...

Eg satsar på at grunnen til at det er fotoforbod, er at omvisingane ville tat dobbelt så lang tid. Dessverre fekk eg ikkje med kokeplatene.  Eg vart mest fascinert av krana oppe til venstre.  Eg veit det var innebygd varmtvasstank i nokre modellar.  Det hadde sjølvsagt vore interessant med meir informasjon om omnen, men eg turde ikkje spørje.  Eg rekna med at dei andre ikkje hadde same sære interesse ...

torsdag 18. august 2016

Glimt frå godstolen

Då eg begynte på teppet, var eg spent på om eg skulle gå fort lei, eller kanskje bli låk ein stad. Men eg har fått hekledilla! Det er kjekt å sette saman fargar!

onsdag 17. august 2016

Ny kvardag

I dag starta eg på jobb. Vi har hatt den første av tre planleggingsdagar.

For første gong på 29 år har vi ikkje born i huset. For å vere ærleg har eg vore spent på korleis det skal bli. Eg plar seie at det er berre ein ting som er verre enn at borna flyttar heimanfrå, og det er at dei ikkje gjer det. Men det er noko med den yngste. Heldigvis rapporterer ho om at ho har det kjekt og interessant. Så då er det slik det skal vere.

I dag tok vi ein Hareidstrimpost på Buhammaren, ein kort gåtur frå Kvitneset.  Det er ein ny plass eg ikkje har vore.

lørdag 13. august 2016

Oslo

I går vart det ikkje tatt noko bilde. Det regna slik at det var greitt å halde seg mest mogleg inne, som til dømes på Oslo City.

Dagen i dag starta fint. Vi tok med oss frukostkaffien ut. På Sten og Strøm møtte eg ei klassevenninne frå lærarskulen. Vi fann Øystein og gjekk på kafe.

Ut på ettermiddagen skein det opp, så vi sette oss ned utafor Stortinget og slappa av i sola.

I morgon set vi nasen heimover. Ferien nærmar seg slutten ...

torsdag 11. august 2016

11. august

I dag stoppa vi ved Jernsjøen og sola oss 1 1/2 time før vi køyrde vidare mot grensa og Oslo. Sidan har himmelen vore som på bilda, og temperaturen har stige til 18-20 grader.

tirsdag 9. august 2016

søndag 7. august 2016

On the road again

Ingen ferie utan Sverige-tur. Første stopp er Bristol Hotell Arvika.

Sist vi køyrde sørover, møtte vi hundrevis av veteranbilar. I dag såg vi at nokon rigga seg til med haugevis av bananar. Vi tippa det måtte vere eit slags løp. Svaret fekk vi lengre nede. Ikkje lenge etter møtte vi ein ambulanse med blålys. Vi høyrde heldigvis ikkje om noko ulykke.

Vert er grått, men temperaturen er ikkje så verst. 

lørdag 6. august 2016

Bok 32: En femte årstid



Ann, Victor, Helene, Nicolai. Fire ungdommer som henger sammen. De prøver ut ting, og alt er ikke like smart. En av de tingene de ikke burde gjort, var å stenge en klassekamerat inne i kjelleren på den nedlagte fabrikken nede ved elva, der det en gang skjedde en grusom ulykke.
Kort tid senere er to av de fire ungdommene funnet døde, og den tredje er forsvunnet.

Eg ser at denne romanen vert kategorisert som thriller.  Det lever han opp til.  Her held forfattaren lesaren i ande frå byrjing til slutt.  Eg har ikkje brukt to dagar på han slik det kan sjå ut som, men det er ein roman eg har snike meg på tur og arbeidd i hagen for å få lytte til. I sjangeren thriller skjer det og ting etter at ein trur krimgåta er løyst. Slik er det og her.  Noko er slik ein trur, men ein vert og overraska.

torsdag 4. august 2016

Bok 31: Boka om Baltimorefamilien


Helt siden den skjebnesvangre dagen i 2004 har Marcus vært hjemsøkt av spørsmålet: Hva var det egentlig som skjedde med Baltimore-familien? Februar 2012: Åtte år etter de dramatiske begivenhetene i Aurora, drar Marcus Goldman fra vinterkalde New York til tropevarme Florida for å skrive sin neste roman. Denne gangen har han bestemt seg for å fortelle sin egen families historie.
Da Marcus vokste opp, var det to Goldman-familier: Marcus' middelklassefamilie i New Jersey, og den vellykkede, rike og glamorøse Baltimore-familien, som Marcus var dypt fascinert av. Han besøkte dem så ofte han kunne, for å være sammen med fetteren Hillel, og Woody, den jevnaldrende gutten onkelen og tanten hadde reddet fra et liv på gata og tatt til seg. Sammen var de 'Goldman-trioen', like nære som brødre. Og så var det nabojenta Alexandra, som drømte om en framtid som popstjerne, og virket uendelig fengslende på alle i trioen. De fire holdt kontakten i alle år, inntil fasadene etter hvert begynte å krakelere, og alt en dag gikk skrekkelig galt.

I denne romanen vert sanninga om Baltimorefamilien rulla opp.  Det er ei historie med mange lag.

Eg likte romanen godt. Forfattaren greier å halde spenninga oppe, og ting vert avslørt litt etter litt. Romanen skil seg ut på ein positiv måte.


tirsdag 2. august 2016

Dagens kveldstur

Etter ein dag med mykje regn, letta det ut på ettermiddagen. Det vart tysdagstur til Brandal.

mandag 1. august 2016

Post ved Løsetvatnet

Også i dag kom vi i kveldninga på at vi kunne finne ein Hareidstrimpost.



Vedig fin skilting tillaga i fjellet no!




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...