Viser innlegg med etiketten Saft og sylte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Saft og sylte. Vis alle innlegg

mandag 29. august 2016

Syltetøy steg-for -steg

Besta har ein del plommer i hagen. I går var eldstemann der og plukka. Fleire kan få, seier ho.  Kanskje nokon får lyst til å lage syltetøy sjølve?  det er ikkje vanskeleg!
 
Du må kjøpe sukker syltepulver.  Eg brukte 1,2 kg sukker og to pakkar syltepulver til 3 kg. 
 
Bruk oppskrifta på syltepulverpakken.  Eg anbefaler grøn certo/fruktpektin.  Det var ikkje det eg hadde i dag.
 Rens bæra eller frukta.  Plommer kan ein dele i to og ta ut steinane. Då slepp ein å fløyte dei ut seinare.
 Kor plommene møyre. Her må ein passe på! Eg hadde på kokeblomen og let plommene koke på svak varme.
Les på pakken om du skal ha syltepulver eller sukker i først.

 Ha i sukker, ca 4 dl pr kg bær.  Kok opp.
Aus syltetøyet på reine glas.  bruk ei trekt om du har. Fyll dei fulle og set glasa opp-ned.

Plommeplukkaren skal få seg nokre glas som han kan bruke til havregryn og mjølk!

onsdag 11. mai 2016

Årets første syltetøy

I dag plukka eg inn eit kilo rabarbra frå hagen som eg sylta saman med nederlandske jordbær, kjøpt på tilbod på Coop.  Eg bruker Gunda si oppskrift frå Sylting og safting heile året eller de finn henne her. 

onsdag 27. mai 2015

Rabarbra- og jordbærsyltetøy

No når rabarbraen står så fint i hagen, gjeld det å utnytte han.  Kunsten er å lage det som vert oppete.  Då boka til Gunda Djupvik "Sylting og safting heile året" kom ut, laga eg mykje godt frå henne.  Denne veka er det tilbod på jordbær på Coop.  Eg kjøpte 2 kg for 100 kr. Eg var redd eg skulle bli svindla på vekta, men ho viste 2007 g. Så var det å finne like mykje rabarbra.

Om nokon vert freista til å lage syltetøyet, men ikkje har boka, så finn de oppskrifta her.

lørdag 23. mars 2013

Rørt jordbærsyltetøy med appelsin

Idéen til å lage dette syltetøyet fann eg i ein brosjyre frå Rema 1000 som eg ikkje fann då eg skulle lage det. Men her treng ein eigentleg ikkje oppskrift. Slik gjorde eg:
1 pk halvtinte jordbær
2 små/1 stor appelsin - bruk berre det gule, filetane som dei sieier på TV
1 dl sukker
4 ts frysepulver

Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor eller anna eigna maskin.  Køyr maskina til du har ei glatt røre.

Viss ein tenkjer å ete all sylta med ein gong, kan ein kutte frysepulveret. Ein kan sjølvsagt bytte ut sukkeret med anna søtstoff om ein vil.

Eg serverte  syltetøyet til årets første vaflar på altanen.  Det vil seie, i dag steikte eg dei inne og tok dei med ut.  Vaflane laga eg av mi vanlege oppskrift der eg bruker 1/3 kveitemjøl, 1/3 Fibra eller sammalen kveite, fin og 1/3 havregryn i staden for berre kveitemjøl.  Eit sunt og godt måltid!

tirsdag 2. oktober 2012

Dronningsyltetøy

Dette syltetøyet hugsar eg frå min barndom.  I seinare åt har eg berre sett det i svenske butikkar under namnet drotningsyltetøy, sjølvsagt.  Både blåbær og bringebær kokar raskt, så dette syltetøyet lagar ein lett.
750 g blåbær
750 g bringebær
(litt vatn om bæra ikkje har vore frosne)
1 pk pektinpulver
6 dl sukker

1. Kok bæra i 5 minutt.
2. Ha i pektinpulver.  Kok eitt minutt.
3. Ha i sukkeret og kok opp.
4. Ha på reine glas.


søndag 26. august 2012

Når sola går ned i vest ...

 Eg kom litt seint i gang med dronningmarmeladen i går.  Matvarer handlar eg nemleg helst litt seint på ettermiddagen.  Det passa godt at eg fann kirsebær på tilbod samtidig som stikkelsbæra på det eine treet hadde begynt å raudne.  Eg brukte oppskrifta i "Sylting og safting heile året" s. 79 og gonga den med 1,5.  Neste år kjem eg til å la vere å gonge sukkeret og pektinpulveret.  Då vert det heilt etter min smak.  Her må folk prøve seg fram, meiner eg. Kjøper du syltetøy, er det endå meir sukker i enn i oppskrifta.
Til desse glasa kjøpte eg ingrediensar for ca 150 kr.  Ein får vel kalle syltetøyet litt eksklusivt.  Sjølv et eg mykje syltetøy på grovbrød i det daglege.  Helst vil eg lage det sjølv, men eg kjøper også ein del, og då vel eg ikkje billegaste sort.

I dag har eg to spørsmål til blogglesarane:
1. Veit de om ein får kjøpt frosne, reinsa kirsebær nokon stad?  Før hadde dei på Meny. I tilfelle vil eg plukke meir stikkelsbær å putte i frysaren.

2. Er det nokon som har ei god oppskrift på rørt eller kokt syltetøy med grøne stikkelsbær?

mandag 13. august 2012

Rørt bringebær- og ripssyltetøy

Her i familien er vi svært glade i rørt syltetøy. Ripsbæra har begynt å bli modne no.  I går plukka eg inn eit kilo rips og blanda med tilsvarande mengde frosne bringebær som fekk tine litt før eg rørte dei. Inspirasjonen til denne blandinga fekk eg i Gunda si bok. Eg brukte same sukkermengd  som eg bruker til rørt rips

1 kg ripsbær
1 kg bringebær

1 pk Jam/Certo rørepulver
7 1/2 dl sukker

Eg rørte syltetøyet i Kenwooden til sukkeret er oppløyst.  Sidan ripsbæra var akkurat modne, brukte eg stavmiksaren til slutt for å knuse dei.  Syltetøyet vart friskt og godt.

torsdag 13. oktober 2011

Rognebærgelé

Det er ikkje kvart år det vert laga rognebærgelé på skulekjøkenet.  Det vert i alle fall ikkje stor nok avling til at alle kan få med eit glas heim.  Nokre år har vi laga og gitt eit glas til kvar av dei bestemødrene som kjem og hjelper oss med å bake lefser.  I år vart det ei gruppe tiandeklassingar som skaffa bær og laga gelé.  Eg frys alltid bæra først.  Heime har eg eit par kilo bær i frysaren som eg skal blande med halvparten eple for at det skal bli litt mildare og meir gelé.  Framgangsmåten er den same.  Oppskrifta er "gamlelæraren si".


ROGNEBÆRGELE

Bruk modne, men ikkje overmodne bær.  Reins dei og legg dei i kaldt vatn.  Det heiter at bæra skal ha frose – det kan ordnast i fryseboksen.

Saft bæra slik: 
1 – 2 dl vatn til eit kilo rognebær.
Ha bær og vatn i ein kjele og varm det sakte opp på svak varme.  La så bæra trekkje under lokk til dei blir blasse på farge. Saftutbytet blir størst når bæra held seg heile.  Safta blir også klarare.  Sil safta gjennom silepose.  Vri posen opp i kokande vatn før bæra blir helt i.  La safta sile av seg utan å vri!

Til 1 liter saft, 800 g til 1 kilo sukker.
Kok opp safta.  Ha i sukker og rør til det er oppløyst.  La geleen koke sakte 5 – 20 minutt.

Ta geleprøve:
Ta litt gele på ei kald skål og la det stå kaldt nokre minutt.  Skyv geleen saman med ei skei.  Viss geleen er så stiv at han legg seg i ”foldar” framfor skeia, er han ferdigkokt.

Hell geleen i varme små glas.  La geleen bli kald.  Set lok på.

tirsdag 30. august 2011

Dampkokt saft

Eg kjøpte meg ny dampkokar til for eit par år sidan. Det er lenge sidan eg innsåg at dersom ein del ting skal bli gjort, må det gjerast lettvint.  Så eg har plukka bærinnsatsen full og strødd 1 kg sukker over.  Når ein gjer det slik, kan ein fylle safta rett på flaska.  Men, det er eit men her.  Den første safta vert søtast.  Så du må anten ha på meir sukker etter kvart, eller tappe litt på kvar flaske.  Ein må som regel tappe eit par gongar elles hamnar safta i nedste del i kokevatnet.

Når du dampar saft, er det viktig å først koke oppvatnet, og så halde fram på svak temperatur for å få blank saft.  Ta deg tid.  Kokar du på for høg varme, får du grumsete saft.

Så kom eg på ein idé.  Kvifor ikkje ha sukker rett i flaskene?  Det måtte prøvast.  Eg oppdaga rask at sukkeret ikkje smelta av seg sjølv.  Her må ein røre eller snu flaskene nokre gongar.  Det gjekk dessutan med like mykje sukker.

Konklusjon?
Eg kjem til å strø sukker rett i saftkokaren heretter.  Eg trur faktisk at ein får med seg det meste av sukkeret.

Ein annan lettvint metode er å koke saft utan sukker.  Det har eg gjort dersom eg berre har rips. Denne safta frys eg.  Eg kjøper solbærsirup, som er svært søtt, og blandar med sur ripssaft. Det gir heimelaga smak.

Heimelaga saft er vel mykje meir sjeldan vare rundt om i heimane enn brus?  For meg er dette ein smak frå barndomen.

tirsdag 23. august 2011

Ferskensylte

Førre veke var det fersken på tilbod (15 kr pr. kilo)på Prix.  Laurdag fekk eg lyst til å lage ferskensylte.  Eg tenkte at fersken er så søtt at ein ikkje treng så mykje sukker i sylta.  Så eg brukte 1/2 kg sukker og ein pakke syltepulver til 2 kg frukt.

Eg syntest at sylta vart litt smaklaus.  Heldigvis fall den i smak hos ho som har fersken- og aprikossylte som favorittsylte.

I dag la Gunda  ut ei oppskrift som eg skal prøve om eg finn på å sylte fersken eller nektarinar ein annan dag. Stjerneanis høyrest godt ut, og så kan det hende eg skal spandere meir sukker likevel.

Sidan eg ikkje var så godt nøgd med oppskrifta mi, hadde eg eigentleg ikkje tenkt å legge ho ut på bloggen.  Men ved nærare ettertanke så kom eg fram til at det kanskje kan vere greitt å vise at det er ved å eksperimentere ein kjem fram til gode oppskrifter.  Og kanskje med tips frå bloggvener.  Bente fortalde til dømes at ein kan blande stikkelsbær og aprikos til sylte.

Ein får prøve seg fram!


torsdag 18. august 2011

Rørt solbær

Årets solbæravling var ikkje stor, nærare bestemt 2,2 kg.  Vi skal sage ned ein del tre og greiner slik at buskane får meir sol neste år.  Sidan nokre her er svært glade i rørt solbær, rørte eg like godt alt etter same oppskrift som rørt rips, 7 1/2 dl sukker på 2 kg.  Eg synest Certo gir stivare sylte enn Jam, kan det stemme?

torsdag 11. august 2011

Rørt rips

Jordbærsesongen gjekk meg hus forbi i år.  Dei siste åra har eg kjøpt fleire firekiloskartongar med reinsa bær som eg har rørt.  Det får halde med frosne bær med melis til vaflane i vinter.

Rørt rips smakar heller ikkje dårleg til vaflar og på brødskiva.  Når eg rører jordbær veit eg at eg reknar 3 dl sukker pr kilo, men kva med rips?  Eg prøvde med 7 1/2 dl til 2 kg bær og ein pakke frysepulver. Det vart godt.  Gjengen plukka 6 kilo i går.

No er det notert på bloggen, så slepp eg å lure neste gong.  Ny etikett: Saft og sylte.

lørdag 30. juli 2011

Ripsgelé

 I dag stod eg på altanen og såg ned på ripsbuskane mine.  Ripsen er ikkje moden enno.  Då slo det meg at det er lenge sidan eg har laga ripsgelé.  Vil ein ha frisk og god ripsgele, må ein lage det sjølv.  Oppskrifta er tatt frå den raudruta kokeboka.
 Eg plukka ripsen rett i panna. Litt umoden rips er berre ein fordel, for den inneheld meir pektin, og ein er sikra stiv gele. Panna mi er utstyrt med litermål, noko som er praktisk til safting og sylting.
 Ha i 1 1/2 dl vatn pr l rips.  Kok bæra til dei saftar seg og skiftar farge.  Her skal det ikkje rørast slik at bæra vert knuste.
 Aus bæra over i eit sileklede.  Slikt utstyr får ein mellom anna kjøpt på Jernia.

No skal safta renne gjennom kledet.  Dette tek minst 30 minutt, gjerne lenger.  Fall for all del ikkje for freistinga til å vri kledet.  Då vert geléen grumsete.
 Mål opp safta og kok ho opp.  Ha i 9 dl sukker pr liter saft.  Kok i 10-15 minutt.  Ta av skummet.  Eg bruker ei fiskeause til dette.
 Slik ser skummet ut.

Viss du er usikker på om geléen er stiv, kan du ta geléprøva: Legge litt gelé på eit fat og dra ei skei gjennom for å sjekke om den er stiv.  Viss ikkje må du koke geléen lenger eller ha i meir sukker eller stivelse.
Fyll geléen på små glas.  Ha på lok. (Sjekk kommentarfeltet)

Denne oppskrifta kan brukast til solbærgelé (berre med 2 dl vatn pr liter bær) og til rognebær eller rognebær og eple.

Framgangsmåten til gelé er lik den til saft.  Men då bruker ein litt meir vatn og mindre sukker.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...