torsdag 13. oktober 2011

Rognebærgelé

Det er ikkje kvart år det vert laga rognebærgelé på skulekjøkenet.  Det vert i alle fall ikkje stor nok avling til at alle kan få med eit glas heim.  Nokre år har vi laga og gitt eit glas til kvar av dei bestemødrene som kjem og hjelper oss med å bake lefser.  I år vart det ei gruppe tiandeklassingar som skaffa bær og laga gelé.  Eg frys alltid bæra først.  Heime har eg eit par kilo bær i frysaren som eg skal blande med halvparten eple for at det skal bli litt mildare og meir gelé.  Framgangsmåten er den same.  Oppskrifta er "gamlelæraren si".


ROGNEBÆRGELE

Bruk modne, men ikkje overmodne bær.  Reins dei og legg dei i kaldt vatn.  Det heiter at bæra skal ha frose – det kan ordnast i fryseboksen.

Saft bæra slik: 
1 – 2 dl vatn til eit kilo rognebær.
Ha bær og vatn i ein kjele og varm det sakte opp på svak varme.  La så bæra trekkje under lokk til dei blir blasse på farge. Saftutbytet blir størst når bæra held seg heile.  Safta blir også klarare.  Sil safta gjennom silepose.  Vri posen opp i kokande vatn før bæra blir helt i.  La safta sile av seg utan å vri!

Til 1 liter saft, 800 g til 1 kilo sukker.
Kok opp safta.  Ha i sukker og rør til det er oppløyst.  La geleen koke sakte 5 – 20 minutt.

Ta geleprøve:
Ta litt gele på ei kald skål og la det stå kaldt nokre minutt.  Skyv geleen saman med ei skei.  Viss geleen er så stiv at han legg seg i ”foldar” framfor skeia, er han ferdigkokt.

Hell geleen i varme små glas.  La geleen bli kald.  Set lok på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...