fredag 7. oktober 2011

Fjerde feriedag

 Eitt av ærenda mine over Eidet var å få tak i madras curry pulver, hot.  På Asiabutikken hadde dei berre mildt.  Kanskje nokon kan seie meg kva som skil dette karripulveret frå vanleg karri?  Kan det brukast til det same?  No har eg i alle fall ingrediensar til suppa med namnet eg ikkje har lært meg s. 39 i Smalhans.

Eg kjøpte også 2 kg kikerter som eg skal koke ein dag.  Eg gav 60 kroner for pakken.  Når ein liten boks kostar 10 kroner, så må det løne seg.
 På biblioteket fann eg desse lydbøkene.  Eg er litt usikker på om eg har lese Mehlumboka før, eller om eg berre kjenner framsida frå ein annan blogg.
På Mega var der ein ung svensk mann som delte ut smaksprøver for Vita hjertego'.  Eg fekk smake ei skive kvitost og sa som sant var, at den smakte ingen ting.  Han repliserte at han kjenner ikkje skilnad på ulike  kvitostar og smørtypar.  Der er ikkje eg!  Vanleg Norvegia bruker eg til matlaging.  På brødskiva vil eg helst ha Ridderost, men sidan eg ikkje er på feittdiett, held eg meg til Edamer eller Jarlsberg.  På brødskiva vert det helst Brelett eller Bremykt.  For å vere litt hyggeleg (eg får fort dårleg samvit om eg ikkje er heilt høfleg), så kommenterte eg at brødet var godt.  Det viste seg å ikkje vere det brødet han viste fram, men eit med lik utsjånad.  Eg tok med meg ei flaske margarin sidan den var på tilbod, i tillegg til flytande Bremykt som ein må på Mega for å få tak i.  Så får eg drive med litt smaktesting!

5 kommentarer:

  1. Likar god ost og godt smør -
    når eg i periodar lever eit lettare liv - kuttar eg ut smør, - sånt som ikkje smakar let eg vere å bruke. Eit alternativ då er kanskje å ete smør på ei brødskive kvar laurdagsmorgon...!

    Det er ikkje berre Tine som har gode ostar, ein del meir langreist ost kan vere ei stor glede, -men eg er inderleg glad i nokre av Tine sine reklamefilmar - som denne:

    http://www.kampanje.com/reklame/article5468118.ece

    SvarSlett
  2. Einig med begge delar. I Roma var det slik som på meieriutsalet i min oppvekst, at ein fekk smake på ostane som låg i ostedisken. D.v.s. dei insisterte på at ein skulle smake på ostar og skinker i nærbutikken der.
    Dei som synest at ost er ost, kan no berre gå over til Vita hjertego'...

    SvarSlett
  3. Har problem med å legge inn kommentarar på bloggen din, men no prøver eg ein annan nettlesar.Vann til elefantene er ei god bok som eg har planar om å lese ein gong til. Barnepiken har eg nettopp lese for andre gong. Begge desse to bøkene er filma. Barnepiken skal vi sjå på Seniorkino 25.okt.Jan Mehlum likar eg fordi han skriv enkel og elegant krim utan for mange digresjonar.

    SvarSlett
  4. Mulligatawny var det kanskje? Det er den suppa grevinna et til nyttårsmiddag som ho får servert av hovmesteren på tv vesle julaftan. Skilnaden på hot og mild karri er nok mest kor mykje peppar og chili som er tilsett. Så bruk den milde, og juster styrken til den er slik du vil ha den med ekstra chili. Kanskje treng du ikkje noko ekstra ein gong.

    SvarSlett
  5. Det stemmer! Den vi fekk på KaffiKari var ikkje særleg sterk, men god. Karri er vel berre ei krydderblanding sånn sett.
    Suppa skal vel uttalast på engelsk då! Får ta att det når eg har laga suppa!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...