tirsdag 4. oktober 2011

Fårikål

 I dag ventar eg fleire middagsgjester.  Vi vert åtte til saman.  Her i huset har vi ikkje ete fårikål før i år, så det passa å fylle panna i dag. Det er mange måtar å lage fårikål på.  Eg bruker å leite fram oppskrifta i den raudruta kokeboka, og så har eg ein liten eigen vri.
 Ein legg kjøt og kål lagvis.  Eg begynte med ca 3 1/2 kg ferskt lammekjøt.  Mange meiner sauekjøt er best.
 Eg startar med eitt kålhovud. Til denne porsjonen startar eg med 2 ms salt og rikeleg heil pepar.  Så får ein smake til saltet til slutt.
 Når retten har kokt ca ein time, har eg i eit kålhovud til.  Dette gjer eg for at ikkje all kålen skal "forsvinne" eller "koke ut i kålen".  Eg vil gjerne ha heile stykke med kål.
Når eg set på potetene, har eg litt jamning på.  I dag målte eg opp 4 dl vatn og ein dl kveitemjøl.  Eg vil ikkje ha tjukk saus, berre jamne litt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...