tirsdag 11. oktober 2011

Et lite apropos

I bladet Mat og helse i skulen som kom i posten ein av dagane, kan ein mellom anna lese om kosthald og hygiene i eit historisk perspektiv.  Det er ikkje hundre år sidan det stod så dårleg til med kosthaldet i fattige familiar i hovudstaden, at ein innførte Oslo-frokosten og Sigdal-frokosten (1926). Born fekk ikkje mat om morgonen heime fordi familiane ikkje hadde råd til det.

Illustrasjonsfotoet er frå 1947.  Eg la sjølvsagt først merke til mjølkeflaskene.  Dei har slik aluminiums(?)folielok som mor mi fortalde om.  Nokre flasker er blanke medan andre er brune.  Eg tippar overgangen gjekk gradvis, slik at dei kom blanda frå meieria.  Skal tru om dei og har fått maten?  Kva er i tilfelle matboksane til?  Har dei fått mat og drikke til to måltid?  Har dei fått ein matboks med mat kvar?  Er det nokon som veit?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...