søndag 9. oktober 2011

Mølligætåni

 Ja, så er ferien slutt på Sunnmøre.  Eg veit at i Nordfjord begynner ferien i morgon.  Veret ser dessverre ut til å bli det same.
 For oss har det vore ein sosial ferie med mange slektstreff.  Litt shopping og hagearbeid har det og vorte tid til.
I dag inviterte vi journalisten på middag.  Eg har lenge tenkt å lage denne Mulligatawnysuppa til middag.  Vi fekk ho servert på Kaffi Kari på lanseringa av Smalhans. Ein surrar grønsaker og frukt i olje og krydder. Det er ikkje problem å få i seg 5 om dagen her!  Suppa er mager.  Det einaste feittet eg brukte, var solsikkeolje til å steike kyllingfilet og grønsaker i.
Familien sin dom var einstemmig: Hot nok.  Suppa mi vart nok noko sterkare enn den vi fekk i Vik.  Dette skuldar eg ikkje på oppskrifta, men meg sjølv.  Eg hadde nok for lite vatn i gryta.  Ein annan gong vil eg begynne med halvparten av kryddera i oppskrifta.  Ein veit nemleg heller aldri heilt kor sterke kryddera er.  Eg hadde uopna glas og pakkar, og då er kryddera på sitt sterkaste.  Gunda skriv at ein kan ha fløyte eller kokosmjølk i suppa.  På nettet ser eg at det er fløyte i mange av oppskriftene.  Eg serverte ris til.  Ein kunne sikkert servert litt rømme til.

Eg spurde familien om vi skal begynne ein ny tradisjon og servere denne suppa lisjejulaftan. Suppa står nemleg på menyen i sketsjen Grevinnen og hovmesteren. " Kva med grauten då?"var svaret eg fekk. Ein skal vel ikkje tukle med tradisjonar, men det kan no vere ein ide for dei som har slektstreff med gåvebyte denne dagen?  Så kan ein koke graut ov risrestane? Eller koke ei grautpanne ved sida av ...

2 kommentarer:

  1. Det var sikkert ei slik suppe vi skulle ha hatt i dag. Godt krydra mat opnar luftvegane, det merkar vi til vanlig også når vi et krydra mat. Og vi likar det HOT.
    Å lage mat når ein ikkje er på topp er likevel berre eit ork, får vere glad til at eg fikk laga ei fiskesuppe. Ser ikkje bort frå at vi prøver denne ein annan gong.

    SvarSlett
  2. Det var nokon her som sa det same... Suppa glei ned på høgkant!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...