mandag 3. oktober 2011

Første feriedag

 Heller ikkje i dag har eg lagt på latsida.  Dytt.no krev sitt, så eg fekk sitte på til Hjørungavåg og gå heim.

No har vi fått triveleg besøk av svogeren min.  Eg hadde dekka med lilla duk i høvet, og då han kom med ein raud flamingoplante, var det berre å leite i serviettsamlinga.
 Jammen fann eg ikkje ein pakke med lilla og raudt, og grønt, slik at eg fekk ta fram grøne glas.
Så er det desse blogglesarane som vil vite kva eg serverer! Det vert lasagne. Det er vel aldri feil? Eg har laga to relativt store former.  Loffen vart laga i brødbakemaskina.  Til dessert vert det banankake med krem og fruktsalat av to boksar aprikosar, ein pakke svisker og 3 bananar.

Journalisten er i bya og skriv for Vg nett.  Han har fått beskjed om at her vert mykje god mat i veka som kjem, så det er berre å stikke innom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...