onsdag 5. oktober 2011

Bok 49: Gjenferd

Sjølv om eg ikkje likte så godt førre boka om Harry Hole, Panserhjerte, så måtte eg få med meg Gjenferd også.

Romanen startar godt.  Ein vert kjend med denne flykapteinen som skal smugle narkotika.  Han er godt skildra, og vi får sympati for han, og ikkje. Jo Nesbø er forfattar og ordkunstnar.  Når journalistar vert forfattarar, vert historiene oftast skildra godt og greitt. Slike bøker har eg lese ein del av i det siste.  Jo Nesbø har eit godt språk og gode forteljarevner.  Det gjer at ein kosar seg med bøkene hans.

Miljøskildringane og personskildringane er gode og interessante. Harry Hole er  sjølvsagt i overkant tøff.  Dette vert ikkje sagt som i dameromanar, men vist med at han til dømes tek nål og tråd og syr sine eigne opne sår.

No ligg det vel i korta at eg kjem med eit stort men. Det eg ikkje liker, er forteljarstemma frå grava.  Løysinga er interessant, men langdryg.  Vi vert "lurte" fleire gonger.

Eg har heller ikkje sansen for at detektivane sine næraste skal vere i fokus i krimgåta kvar gong. Det er grenser for kor mykje ein familie skal vere utsett for.  Det er Oleg, son til Rakel frå førre bok, som vert mistenkt for mord.

Om dette er slutten for Harry Hole?  Det skulle ikkje forundre meg om det vert fleire romanar ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...