lørdag 1. oktober 2011

Basar og vinnarlykke

 Basarsesongen er i gang.  På førehand sa eg at eg ønska meg heimelaga ting.  Der var store, flotte strikka og hekla teppe.  Så heldig var eg ikkje, men ...
  ... eg vann oppvaskklut som Tove også har laga, og ein Zalokjole.  Det såg altså lenge ut som eg skulle bli ståande og vaske opp ...
men i siste runde vann eg eit maxi-yatzy.

Yngstemann kjem heim frå Berlin om eit par timar.  Frøkna gler seg til å spele yatzy med han!

Arrangørane var godt nøgde med åresalet. Inntektene går til heis på bedehuset.  Det kan no vere ei god investering, så kjem vi oss alle på basar når vi vert gamle.

2 kommentarer:

  1. Eg høyrer ikkje til dei som går på Bedehuset, men basar er stas!
    - og minner gjerne om at heis og andre hjelpemiddel for å lette tilkomsten, kan vi ha trong for før vi vert gamle! :-D !

    SvarSlett
  2. Frøkna her går på Ten Sing, og gutane har vore speidarar. Bedehuset her vert brukt av alle t.d. 17. mai, til konfirmantfest osv.
    Eg synest det er flott at folk (venninner) lagar til basar, så kan andre(t.d. eg) støtte med å kjøpe seg kaffi og kaker - og årar ....

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...