tirsdag 30. august 2011

Dampkokt saft

Eg kjøpte meg ny dampkokar til for eit par år sidan. Det er lenge sidan eg innsåg at dersom ein del ting skal bli gjort, må det gjerast lettvint.  Så eg har plukka bærinnsatsen full og strødd 1 kg sukker over.  Når ein gjer det slik, kan ein fylle safta rett på flaska.  Men, det er eit men her.  Den første safta vert søtast.  Så du må anten ha på meir sukker etter kvart, eller tappe litt på kvar flaske.  Ein må som regel tappe eit par gongar elles hamnar safta i nedste del i kokevatnet.

Når du dampar saft, er det viktig å først koke oppvatnet, og så halde fram på svak temperatur for å få blank saft.  Ta deg tid.  Kokar du på for høg varme, får du grumsete saft.

Så kom eg på ein idé.  Kvifor ikkje ha sukker rett i flaskene?  Det måtte prøvast.  Eg oppdaga rask at sukkeret ikkje smelta av seg sjølv.  Her må ein røre eller snu flaskene nokre gongar.  Det gjekk dessutan med like mykje sukker.

Konklusjon?
Eg kjem til å strø sukker rett i saftkokaren heretter.  Eg trur faktisk at ein får med seg det meste av sukkeret.

Ein annan lettvint metode er å koke saft utan sukker.  Det har eg gjort dersom eg berre har rips. Denne safta frys eg.  Eg kjøper solbærsirup, som er svært søtt, og blandar med sur ripssaft. Det gir heimelaga smak.

Heimelaga saft er vel mykje meir sjeldan vare rundt om i heimane enn brus?  For meg er dette ein smak frå barndomen.

5 kommentarer:

  1. Herlege barndomsminner :-)
    Syns eg kjende lukta heilt hit ;-)

    SvarSlett
  2. Då eg brukte saftkokar, laga eg sur saft, og koka den opp att med sukker etterpå. Det var såpass mykje styr at eg fann ut det var greiare å koke opp bæra og sile gjennom pose, på gamlemåten. Så vi kasta heile saftkokaren i bosset. Og takk for det. Ikkje mykje saft vi kokar no.Eg bryr meg ikkje om den, og Nils skal ikkje ha den, dessutan har vi kvitta dei fleste bærbuskane. Det er mykje god saft å få kjøpt, både med og utan sukker.Men har ein bær sjølv, er det sjølvsagt godt med heimelaga.

    SvarSlett
  3. Eg kjøper lite saft. I sommar har det blitt litt Lerum utan sukker. Alt kan kjøpast, derfor vert det meir stas med heimelaga.
    Eg kasta ein saftkokar av aluminium og kjøpte ein i stål.

    SvarSlett
  4. Kok opp safta etterpå med sukker i,så blir den jevnt fordelt med sukkeret

    SvarSlett
  5. Det er den gode, gamaldagse måten. Dette er ein latmannsmetode. Eg er stor tilhengar av å gjere ting enkelt, for då vert det gjort!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...