lørdag 6. august 2011

Bygda, byen og byggefeltet

 Vi har gjort det til ein vane å velje oss ut ein attraksjon når vi reiser til Oslo.  I år bestemte vi oss for Maihaugen, eller De Sandvigske Samlinger, 
 Maihaugen er inndelt i tre avdelingar.  Ein kunne bruke lang tid på kvar.
 Ein får ikkje kome inn i dei gamle husa.  Ein får kike inn og eventuelt ta bilde.
I byen er det herskapshus.
Eg tek gjerne bilde av plakatane utanfor husa forå hugse betre. 


Butikkar.
I byggefeltet er det hus frå dei fleste tiåra etter 1900. Nokre av dei var opne.
Det er interessant med den gamle historia, men det er og artig å finne vår eiga historie.

Både Øystein og eg har vage minne om at vi har vore på Maihaugen i vår barndom.  No vil eg seie der også var tilrettelagt for born.  Vi har ikkje tatt med våre dit.  Hunderfossen hadde prioritet.  Halvstore born vil nok å ha utbyte av eit besøk.

Vi vaksne kan mimre og filosofere. Mykje har endra seg i Noreg sidan 60-talet der eg har mine første minne.  Eg hugsar at søsken budde i lag rundt om på gardane.  Dei ugifte flytta kanskje aldri ut, men hjelpte til på garden.  I eit hus hugsa eg tre søsken heldt til. No har kvar mann sitt hus eller leilegheit.

Som kanskje nokon av blogglesarane har fått med seg, har eg ei litt sær interesse for komfyrar.  Eg har knipsa så mange eg kom over.  Når eg har fått sett dette i system, kjem eg tilbake med innlegg.

2 kommentarer:

  1. Gode ferieminne..
    Kjekt at dei tek vare på historia..
    Også vår nærmaste.
    Vi var også i Karlstad i sommar. Trur jammen det var same hotellet :-)

    Ha flott helg!

    SvarSlett
  2. Takk for det! Der var fleire sunnmøringar på det hotellet. Det var familievennleg med eigen frukostmeny (pannekaker) for born.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...