fredag 29. mai 2015

Har vi nådd måla?

Det er vel det viktige spørsmålet mot slutten av skuleåret! Elevane på niandesteget har fått god øving i gjærbakst.  Dei har baka grove rundstykke, fletteloff og kanskje anna småbakst som naanbrød eller spiralloff.  Det siste produktet er ein klippekrans.  Og her kan ein ikkje klage på resultatet! Denne er laga av ein av gutane. Eg håper mange foreldre har fått klippekrans til kaffien!

Skulekjøkenoppskrifta finn de her.

torsdag 28. mai 2015

Bok 24: Britt Marie var her

Britt-Marie (63) er ikke passiv aggressiv. Det er bare det at skitt og riper og bestikk som ikke ligger på riktig sted i skuffen får henne til å skrike inni seg. Hun har akkurat forlatt ektemannen gjennom 40 år og gått ut av rollen som husmor og inn i rollen som arbeidssøkende. Den eneste jobben hun kan få befinner seg i Borg, et sted som er hardt rammet av finanskrisen, og der alt utenom den ølstinkende pizzasjappa er nedlagt. Britt-Marie hater fotball, men Borg har ikke annet enn fotballen igjen. Dette er absolutt ikke noen god start på et nytt liv. Men når stedets ungdomsklubb så desperat trenger en ny trener at de til slutt er klar for å gi jobben til hvem som helst, da bryr de seg ikke om detaljer som at Britt-Marie absolutt ikke vil ha jobben. Når hun i tillegg blir invitert på date av en politimann og brekker hånden i et solarium, da fins det ingen vei tilbake.

Dette er den tredje boka eg har lese av forfattaren. "En mann ved navn Ove" likte eg godt.  "Mormor hilser og sien unnskyld" hadde eg ikkje sansen for. I denne romanen skildrar forfattaren ei vaksen dame som må finne seg sjølv etter at mannen har funne ei yngre dame.  Vi følgjer henne til Borg.  Sakte, men sikkert vert ho teken inn i dette samfunnet.  Dei ser kvalitetane hennar.  Frå å vere ei dame som har støv på hjernen og må ha orden og system, ikkje minst reine vindauge, vert ho ei kvinne som menn vil ha.

Sjølv kosa eg meg minst like godt med denne romanen som den første.  Forfattaren skriv med humor og varme om menneska vi møter i romanen.

onsdag 27. mai 2015

Rabarbra- og jordbærsyltetøy

No når rabarbraen står så fint i hagen, gjeld det å utnytte han.  Kunsten er å lage det som vert oppete.  Då boka til Gunda Djupvik "Sylting og safting heile året" kom ut, laga eg mykje godt frå henne.  Denne veka er det tilbod på jordbær på Coop.  Eg kjøpte 2 kg for 100 kr. Eg var redd eg skulle bli svindla på vekta, men ho viste 2007 g. Så var det å finne like mykje rabarbra.

Om nokon vert freista til å lage syltetøyet, men ikkje har boka, så finn de oppskrifta her.

mandag 25. mai 2015

2. pinsedag

Tidlegare i veka var det meldt 12 grader og halvskya ver til i dag.  Det var då eg bestemte meg for den årlege Melshornturen.  I går vart det meldt 6 grader og litt regn.  Det var då eg ombestemte meg.  I dag tidleg stod eg opp og såg skodde på fjellet.  Noko bildebesvis vart det ikkje til at eg skaffa meg.

Så fekk eg gjort litt fornuftig arbeid før eg gjekk meg ein tur.  Bildet er frå hagen til ein rhododendronentusiast. Eg synest dei er finast i overskya ver.

I kveldninga har eg lese meg opp på pensumlitteratur.  Læreverket er nytt for meg, så eg har ein del å setje meg inn i. Det er ikkje eg som skal opp til eksamen ...

lørdag 23. mai 2015

Årets blomstertur

I dag har m og eg vore på den årlege turen vår til Kvalsund gartneri på Nerlandsøya.  Etterpå er det ein shoppingrunde før vi går på Madelynn Coffee i Fosnavåg.  Byen er ikkje øydelagt av kjøpesenter.  Her finn ein litt annleis butikkar.

Om nokon stussar på jakkevalet mitt i dag, så kan eg opplyse om at her har vore seks plussgrader.  Eg trur at av alle dei åra vi har tatt denne turen, så har vi i dag hatt tidenes lågaste temperatur.  men det sette ingen dempar på turen.

I år hadde eg bestemt meg for kvitt, rosa. lilla og blått.  Eg skulle ikkje kjøpe hengeplante, men plante i korgene eg kjøpte i fjor.  De ser korleis det gjekk! Då eg såg hengeplanten med fire ulike flotte plantar, visste eg at eg hadde kome til å angre stort om eg ikkje hadde kjøpt han.  Til no har eg berre aldri angra på det eg har kjøpt der, berre det eg ikkje har kjøpt. M kjøpte same hengeplanten.  Vi kjøpte elles mykje anna likt, men det gjer ikkje noko, for vi er ikkje naboar.

No har eg planta alt i krukker og amplar.  Det får eg vise fram ein annan dag.  No skal vi ha oss mat og sjå Grand Prix.  Eg har ikkje budd meg slik som resten av slekta ...

fredag 22. mai 2015

Bok 23: den usynlige mannen fra Salem

«Den usynlige mannen fra Salem» er føste bok i Leo Junker-serien, en enestående Stockholm noir-serie som vant den Svenska Deckarakademins pris i 2013. Sommeren er over og en ung kvinne blir funnet død i et herberge for hjemløse i Stockholm. I etasjen over våkner den suspenderte politimannen Leo Junker av sirenene. Nesten tjue år tidligere, under sin oppvekst i Salem, møter Leo et søskenpar som for alltid vil følge ham. John og Leo blir venner, Leo og Julia blir noe mer. I skyggene skimtes noen som kommer til å forandre alt. Sommeren er over og i utkanten av Stockholm begynner søket etter en gjerningsmann. Hvert steg leder bare lenger inn i en labyrint, en labyrint skapt av noen som ikke kan fanges.

Eg forventa ut i frå det eg las på coveret til denne romanen at han skulle vere litt annleis.  Og slik sett innfridde han.  Om dette er stor litteratur, er ei anna sak.  Men eg kosa meg med romanen, og kjem nok til å lese fleire i serien om eg kjem over dei!

onsdag 20. mai 2015

Gåvekort på Plantasjen ...

... er ein fin ting å få!

I dag tok vi oss ein snartur og  løyste vi ut to gåvekort på Plantasjen. det vart både noko til pynt og nokre nyttevekstar.  To ulike chilitypar vart med heim.  det skal verte artig å sjå om det vert noko avling.

Elles så kjøpte eg meg ei ripsbusk med kvite/gule bær.  det kan bli fint til kakepynt tenker eg.  Vi hadde ei som drukna i ei solbærbusk, trur eg.

Eit anna eksperiment er ein bouganvilla.  dei har vi sett som store buskar i utlandet.

Framhald vil nok følgje når eg har fått planta ut vekstane.

tirsdag 19. mai 2015

Pasjonsblomst

17. mai kom mor mi med ein flott plante.  Ho lurte på om eg ville plante han ut.  Det har eg planar om til helga.  På frukost-TV i går sa Finn Schøll ein skulle gjere som eg hadde tenkt: Gi planten ei stor potte med mold og noko å klatre i, gjerne ei grein.  Det siste hadde eg ikkje tenkt på.

søndag 17. mai 2015

17. mai 2015

 I dag har vi hatt ein fin 17.-mai her på Hareid. Veret har mykje å seie!
 Eg har knipsa litt tilfeldig av toget. 

 


Note to self: Neste år skal eg ha fotoapparat.  Eg er altfor klønete med mobilkameraet!

lørdag 16. mai 2015

16.mai

 I dag vart eg litt handlingslamma då eg vakna.  i går hadde vi nydeleg ver med sommarlege temperaturar.  I dag hadde kulden kome attende. Det har regna kraftig.  No i kveldninga ser det litt lysare ut.

I morgon skal eg relativt tidleg opp og ta ei "vakt" på bedehuset der ein sel kaker, kaffi og brennsnut.

Mellomstemann reiser litt ut på ettermiddagen, så vi synest det var lurt å samlast til lunsj.  Folk får delta på det dei vil, og så møtest vi her midt på dag. På menyen står det mellom anna spekemat, røykelaks og eggerøre. Til dessert har eg laga grunnovsdessert og bringebærgele.
I haust planta eg raude og kvite tulipanar i hagen med tanke på nasjonaldagen.  Det er så vidt eg har "råd til" å plukke dei, for dei står så fint ute. Lys og serviettar fann eg på halv pris på Christiania Glassmagasin.

No vil eg ønskje alle blogglesarane ein fin 17.mai!

fredag 15. mai 2015

Bok 22: Blod på snø

Oslo, desember 1977. Den kaldeste vinteren i manns minne. I fire år har Olav vært ekspeditør - leiemorder - for den forfinede gangsteren Daniel Hoffmann. Med Olavs hjelp kontrollerer Hoffmann hovedstadens heroinmarked. Nå blir Hoffmanns bande utfordret av Fiskeren, en narkoselger som bruker fiskebutikken sin på Youngstorget som dekkoperasjon.
Hoffmann kjenner seg truet fra alle kanter og lover Olav femdobbelt honorar og evig juleferie for et siste oppdrag: Han skal ekspedere kona, den vakre og forføreriske Corina Hoffmann. Haken er bare at Olav forelsker seg i offeret.

Eg hadde heller låge forventningar til denne romanen, må eg innrømme.  Etter å ha lese ein roman med mange personar og hendingar, passa det godt med noko lettlese, tenkte eg. Og lettlesen er romanen, men den var langt frå så enkel i negativ forstand.  Eg synest romanen har nerve, og språket er godt. Så når VG gir han terningkast 5, forstår eg godt kvifor!
 

torsdag 14. mai 2015

Polentapudding

I går kom ein utrangla og avmagra ung mann heim på perm.  Eg kom på at eg kunne lage ein litt mettande dessert, nemleg polentapudding.  Han kunne fortelje at han hadde fått semulepudding i går.  Slikt smakar vel godt etter ei veke med små rasjonar og nokre boksar makrell i tomat. Det smakar no godt for oss andre og ...
 
Oppskrifta på polentapudding og semulepudding er den same, berre med ulike gryn.
 
Ein kan gjerne bruke to heile egg i desserten.  Eg nytta høvet til å lage ein pavlovabotn.  Dessverre fekk han same lagnaden som brøda eg steikte førre helg: Dei vart svarte under.  Anisbrøda eg steikte i dag, berga eg.  Men no må eg nok til å vurdere ny komfyr opp mot reparasjon.
2 1/2 dl polenta
2 l mjølk (H-mjølk svir ikkje så lett i botnen)

4 eggeplommer
4 ms sukker
mandeldropar om ein liker det

  1. Kok graut av polenta og mjølk.
  2. Ta til side og ha i eggeplommer og eventuelt mandeldropar.
  3. Avkjøl.
Server med raud saus.

onsdag 13. mai 2015

Fredagsfølelse



Etter ein hektisk arbeidsperiode er det lett å tru det er fredag. Heldigvis er det langhelg! No ventar vi mellomstemann heim med eit seint fly. Vi trudde han skulle feire nasjonaldagen i hovudstaden, så dette besøket vert ekstra kjekt. 

Det var mykje folk i butikkane då eg handla etter klokka åtte, så det er nok mange som førebur seg til helg og feiringar.

mandag 11. mai 2015

Apropos pudding

Det hender eg fuskar i faget. No har vi drukke opp den heimelaga safta. Uansett liker eg å ha litt på lager, mellom anna bringebærsaus. I det siste har eg ikkje funne raude posar i hyllene. No har eg funne ut kvifor! Bringebærsausen hadde gøymt seg saman med vaniljesausen! Vaniljesauspakkar bruker eg ikkje å ha i hus lenger. 

lørdag 9. mai 2015

Bok 21: Himmel over London

 
 

En kinesisk eske av en roman fra mesteren Håkan Nesser. Himmel over London er en ny sjanger, som beholder både krimmens spenning og skjønnlitteraturens dybde. Det handler om mord og kjærlighet, og det utspiller seg i London, den evige byen. En gammel, døende mann inviterer sine nærmeste til en middag i London. Han bærer på en stor hemmelighet som ikke skal avsløres før alle sitter rundt bordet. Vi følger hans og gjestenes forberedelser til den store middagen. Men er de egentlig ekte - eller bare figurer i romanprosjektet til den andre hovedpersonen? Det begynner kl. 14.50 på Paddington Station, i hjertet av London. Eller en septemberkveld i 1968, på Trafalgar Square. Eller enda lenger tilbake i tiden, med en løgnaktig stasjonsbetjent og sønnen hans i byen K-.
 
 
 
 
Då eg var ung, likte eg ikkje Håkan Nesser sine krimromanar.  I det siste har eg gitt han ein ny sjanse, og eg har lært meg å sette pris på refleksjonane hans.
 
Også i denne romanen er det mykje livsvisdom.   det er berre at som lydboklyttar i alle fall, vert det vanskeleg å halde orden på alle personane og hendingane.  Det er fortid og notid og ulike mysterium.  Eg skulle nok ha lese boka på papir eller lytta til den ein gong til.  For sjølv om eg ikkje liker å innrømme det, så har eg nok ikkje fått med meg alt.

torsdag 7. mai 2015

Revolusjon

Eit frynsegode i min jobb er at vi får delta på ulike kulturopplevingar saman med elevane.  i dag hadde vi besøk av Magne Fremmerlid , Charlotte Fongen og Bjørnar Myhr. I dag tidleg kjende eg verkeleg at eg gledde meg til å gå på jobb.

Songane: I dreamed a dream. At the end of the day. Sometimes I fell like a motherless child. Ol'man river. Oh freedom! Do you hear the people sing. Fragile. Gabriellas sang. Til ungdommen (Kringsatt av fiender). You'll never walk alone.

"Låtvalet" var heilt etter min smak. Framsyninga var lagt pedagogisk opp.  Forsamlinga skulle reise seg og synge midt i programmet.  Siste songen fenga ein del av fotballgjengen.

Marerittet for oss lærarar på slike framsyningar er viss ein må bruke all tid og energi på å få elevane til å oppføre seg eksemplarisk.  Eg hadde "fritime" i dag, men sat sjølvsagt saman med mine eigne.  Dei fekk klar melding om at "nåde den som øydelegger konsertopplevinga for meg!  Dette er noko eg glatt kunne betalt nokre hundrelappar for!" Heldigvis fenga framsyninga også den yngre garde, sjølv om dei ikkje ville innrømme at dette var deira stil.


onsdag 6. mai 2015

6. mai: Ei lita hagevandring

 Ved inngangspartiet står desse løkane.  Ute i hagen står fjorårets i blomst.
 Snart vert det grunnlovsdessert!
 Raudt til 17. mai!
 No skal eg klippe rosene!
 Det er er mest kry av i hagen for tida, er denne Alohastiklingen.  Eg sette ei rose i åkeren i fjor.  ho har røtt seg!
 påske og inse side om side.
 Desse fylte påskeliljene fekk eg løkane til av den førre heimkunnskapslæraren.  eg plukkar med meg nokre til skulekjøkenet og tenker på henne.  Ho har lagt att mykje av seg sjølv der.
Ei som er glad for vår.  mannen har klipt plenen i dag, berre ikkje akkurat rundt kaninburet.

mandag 4. mai 2015

Bok 20: Marmor

 
 
 
En eldre kvinne begraves fra Paulus kirke på Grünerløkka. På annen rad sitter barnebarnet Carla og tenker tilbake på hva bestemoren fortalte om livet sitt og generasjonene før. Ikke få barn! sa hun da Carla var tenåring: Vi må stoppe disse gærne italienske genene i slekta! «Marmor» er en original slektsroman om en annerledes familie. Flere er rikt begavet, likevel strever de med samfunnets uskrevne regler. Vi får glimt av en stamfar fra Italia, vi treffer den avdødes to døtre som fremdeles hater henne intenst, og vi møter Carlas millionærfetter Jam som lever isolert fra omverdenen. Carla selv har nettopp fått vite at hun er gravid. Skal hun våge å få barnet?

Eg likte godt starten på denne romanen, Gudny si historie, som går føre seg under krigen.  Men i staden for å gå skikkeleg inn i denne skjebnen, skriv forfattaren ein slektsroman. Eg synest ikkje ein kjem under huda på personane. Eg ser at romanen før høge terningkast.  Og for all del, han er underhaldande og lettlesen.  Det er kvar sin smak!

lørdag 2. mai 2015

2. mai

Blogglesarane ventar kanskje på at eg skal kome med baketips frå dei nye bakebøkene mine? eg har sett meg ut nokre gode oppskrifter, men så må eg få ingrediensane i hus!  I dag vart det berre eit italiensk brød, ein focaccia med poteter rosmarin og salt.  Eg tenker det vil smake godt til spekemat.

Elles har vi hatt ein relativt kjølig dag.  men sola kom fram og det vart triveleg å jobbe i hagen. Eg vurderte å klippe rosene, men utsette det nokre dagar til.

fredag 1. mai 2015

Wiolakofta

Eg hade tenkt eg skulle hengt jakka på ein modell.  Men no har eg fått ei utfordring om å legge ut bilde av ting eg lagar på facebook.  I dag er dag fem av fem.  Så då vart det berre til at eg hengte jakka i eit tre.

Mønsteret dukka opp i ei strikkegruppe på facebook rett etter nyttår.  Ein fekk vite at de skulle kome i Familien.  eg fall berre pladask for fargane og mønsteret.

Jakka er noko tjukk denne årstida. Eg får ta henne fram att til hausten. Under eit ytterplagg hadde ho nok vore perfekt om eg skulle vore på ein fotballkamp eller eit anna arrangement utandørs.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...