lørdag 23. mai 2015

Årets blomstertur

I dag har m og eg vore på den årlege turen vår til Kvalsund gartneri på Nerlandsøya.  Etterpå er det ein shoppingrunde før vi går på Madelynn Coffee i Fosnavåg.  Byen er ikkje øydelagt av kjøpesenter.  Her finn ein litt annleis butikkar.

Om nokon stussar på jakkevalet mitt i dag, så kan eg opplyse om at her har vore seks plussgrader.  Eg trur at av alle dei åra vi har tatt denne turen, så har vi i dag hatt tidenes lågaste temperatur.  men det sette ingen dempar på turen.

I år hadde eg bestemt meg for kvitt, rosa. lilla og blått.  Eg skulle ikkje kjøpe hengeplante, men plante i korgene eg kjøpte i fjor.  De ser korleis det gjekk! Då eg såg hengeplanten med fire ulike flotte plantar, visste eg at eg hadde kome til å angre stort om eg ikkje hadde kjøpt han.  Til no har eg berre aldri angra på det eg har kjøpt der, berre det eg ikkje har kjøpt. M kjøpte same hengeplanten.  Vi kjøpte elles mykje anna likt, men det gjer ikkje noko, for vi er ikkje naboar.

No har eg planta alt i krukker og amplar.  Det får eg vise fram ein annan dag.  No skal vi ha oss mat og sjå Grand Prix.  Eg har ikkje budd meg slik som resten av slekta ...

3 kommentarer:

  1. Fine fargar på blomstrane dine! Ja, strikkar i Tumi. Veldig godt garn. Litt kipt å strikke med opprekt garn, men det går fint.

    SvarSlett
  2. Trur far din hadde gått amokk om eg hadde kjøpt så mykje blomster. Plantar som ikkje ber frukt er ikkje hans stil.

    SvarSlett
  3. Eg må berre presisere at bak i bilen står begge sine blomster.
    Karane er berre glade deinslepp å vere med ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...