torsdag 7. mai 2015

Revolusjon

Eit frynsegode i min jobb er at vi får delta på ulike kulturopplevingar saman med elevane.  i dag hadde vi besøk av Magne Fremmerlid , Charlotte Fongen og Bjørnar Myhr. I dag tidleg kjende eg verkeleg at eg gledde meg til å gå på jobb.

Songane: I dreamed a dream. At the end of the day. Sometimes I fell like a motherless child. Ol'man river. Oh freedom! Do you hear the people sing. Fragile. Gabriellas sang. Til ungdommen (Kringsatt av fiender). You'll never walk alone.

"Låtvalet" var heilt etter min smak. Framsyninga var lagt pedagogisk opp.  Forsamlinga skulle reise seg og synge midt i programmet.  Siste songen fenga ein del av fotballgjengen.

Marerittet for oss lærarar på slike framsyningar er viss ein må bruke all tid og energi på å få elevane til å oppføre seg eksemplarisk.  Eg hadde "fritime" i dag, men sat sjølvsagt saman med mine eigne.  Dei fekk klar melding om at "nåde den som øydelegger konsertopplevinga for meg!  Dette er noko eg glatt kunne betalt nokre hundrelappar for!" Heldigvis fenga framsyninga også den yngre garde, sjølv om dei ikkje ville innrømme at dette var deira stil.


4 kommentarer:

  1. Det høyrdest ut som ein fantastisk konsert.
    Berre flotte songar, etter min smak òg.
    Eg trur nok elevane likte det, men det er vanskeleg å vedgå :)

    SvarSlett
  2. Nemleg!
    Eg understrekar at ein må vere open for alle sjangrar.
    Elles er vel dette klassikarar etter kvart.

    SvarSlett
  3. Misunner deg litt. Dette hadde vore noko for meg også!

    SvarSlett
  4. Kom på ein liten episode. Det var mens Margrete enda budde heime, og eg prøvde å slappe av på sofaen etter middag. Då sette ho seg til å synge:"Sometimes I feel like a motherless child".

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...